Miljødirektoratet har tatt klaga fra Statens vegvesen Region vest delvis til følgje og sett nye vilkår

Miljødirektoratet har tatt klaga fra Statens vegvesen Region vest delvis til følgje og sett nye vilkår til gjennomføring av tiltaket for første fase av Rogfast-prosjektet, for å sikre at det vert tatt naudsynte omsyn til miljø. Statens vegvesen Region vest klagde på Fylkesmannen sine krav om at utfylte massar skulle vere reine, og at utfyllingsmassane ikkje skulle innehelde skyteleidningar av plast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.09.2017

Statens vegvesen Region vest (SVV) klagde på vilkår i løyve frå Fylkesmannen til utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving og utfylling i sjø ved Mekjarvik i Randaberg kommune. Vilkåra var:

  • Vilkår 4.1: «Alle massar som vert brukt til utfylling i sjø skal vere reine»
  • Vilkår 4.3 «For å hindre spreiing av plastavfall skal alle sprengsteinmassar frå Rogfast-prosjektet handsamast før utfylling i sjø, slik at dei ikkje inneheld skyteleidningar av plast mm. Det er ikkje tillat å fylle ut i sjø med massar som inneheld, eller kan innehalde plastavfall.»

SVV har komme med ny informasjon i samband med klagesaka, mellom anna eit testforsøk i Nordland der det er målt spreiing av plast i sjø frå utfylte tunnelmassar. Ut frå dette er det berekna eit plastutslepp på 224-546 kg frå første fase av Rogfast. Plastutsleppet vil vere frå elektroniske tennarar (som ikkje flyter) brukt i sprenging av tunnel, 1-4 % er venta å bli spreidd ved utfylling i sjø.

Miljødirektoratet har klargjort kva som er meint med reine massar i denne saka. Miljødirektoratet har lagt til grunn reduksjonen av plastbruk for avgjerda om å ta klaga fra SVV delvis til følgje. Miljødirektoratet legg til grunn at Rogfast-prosjektet er ein del av en infrastrukturoppgradering av stor samfunnsmessig verdi. Samstundes vert det peikt på at miljøkonsekvensane av utfyllingar med sprengsteinsmassar burde ha vore langt betre gjort greie for i ein tidleg fase. Vedtaket frå Miljødirektoratet gjeld berre denne saka, ein framtidig søknad for gjennomføring av Rogfast vil bli gjenstand for ei ny og sjølvstendig vurdering av Fylkesmannen.

Plastutsleppet frå Ryfast-prosjektet var i hovudsak som følgje av plastarmering i tunnelane. Dette blei etter kvart stansa av Fylkesmannen og SVV gjekk over til å bruke stålarmering for å hindre meir plastutslepp. For første fase av Rogfast er det i søknaden berre planlagt å bruke stålarmering.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.