Godkjenning av vassforvaltningsplanen for Rogaland

Klima- og miljødepartementet (KLD) godkjente fredag 1. juli vassforvaltningsplanen for Rogaland. Oppfølginga av den godkjende planen vil krevje stor innsats frå både private og offentlege instansar i fleire sektorar. Målet er betre vassmiljø.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.07.2016

Vassforvaltningsplanen for Rogaland er ein av i alt 11 planar som blei godkjende av KLD sist fredag. Alt vatn i vassregionen har fått godkjente miljømål, som skal følgjast opp med miljøforbetrande tiltak. Miljømåla er knytt til den økologiske og kjemiske tilstanden for vassførekomstane.

KLD har gjort justeringar av planen på vasskraftområdet

Planen inneheld miljømål for regulerte vassdrag, og KLD har med sin godkjenning redusert tal vassførekomstar med miljømål høgare enn dagens tilstand i forhold til fylkeskommunane sitt opprinnelige forslag. Dei to vassførekomstane som no står igjen med miljøforbetrande tiltak som kan påverke vasskraftproduksjonen, er Ulladalsåna nedre i kommunane Hjelmeland og Suldal, og Ognaelva i kommunane Bjerkreim og Hå. I tillegg til desse to, er det for Storåna nedre i Årdalsvassdraget i Hjelmeland kommune, fastsett miljømål som kan føre til andre typar tiltak, t.d. biotoptiltak. For dei resterande vassførekomstane påverka av vasskraft i Rogaland, har KLD sett miljømålet til dagens tilstand.

Utfordringar innan landbruksforureining og forureina sjøsedimenter

Ut over dei nemnde endringane knytt til vasskraft, gjer KLD ikkje endringar i planen. Fylkesmannen ønsker likevel å trekka fram departementet sin omtale av utfordringane knytt til å nå måla om både auka matproduksjonen og betra vasskvaliteten. Spesielt for Jæren, ser me at dette vil bli krevjande. Me merker oss og at Stavanger hamn er trekt spesielt fram som prioritert område i forhold til forureina sedimenter.

Godkjenningsbrevet er i sin heilhet å finna i høgremargen.

Les og om saka på Regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/kjempeloft-for-bedre-vannmiljo/id2506703/

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.