Sommarfuglar på Brusand

Sommaren 2010 blei det ved hjelp av lysfeller på nett og tradisjonell fangstaktivitet med håv på dagtid, gjort ei brei kvalitativ undersøking av sommerfuglfaunaen i sanddyne- og våtmarksområda på Brusand i Hå. Rapporten frå Kjell Mjølsnes er no klar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.12.2017

Resultat frå undersøkinga blei presentert i ein fyldig rapport (Mjølsnes 2011). Dei etterfølgande sesongane har arbeide med å kartlegge sommerfuglfaunaen fortsatt i varierande grad, og denne rapporten presenterer dei samla resultata frå alle systematiske og tilfeldig kartleggingar av lepidoptera utført av Kjell Mjølsnes - Mangfold og andre i verneområda på Brusand frem til og med sommaren 2017.

Blant dei 460 sommerfuglane som til no er identifisert i dette område finn vi fleire sjeldne og rødlista artar. Hovudvekta i rapporten er på dei 20 rødlista sommerfuglartane som er registrert i dei ulike delane av Jærstrendene landskapsvernområde på Brusand. Leveområde og vertsplantar for artane er omtala, og for nokre artar skissert generelle eller meir konkrete tiltak for å ta vare på artane sine leveområder på Brusand og langs jærkysten generelt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.