Kasserte køyretøy

I Rogaland har 6 verksemder pr 20. august 2003 løyve etter forureiningslova til å drive innsamling og miljømessig handsaming av kasserte kjøretøy. Ønskjer du å sjå utsleppsløyve til eit bilopphoggeri, klikkar du berre lokaliteten som er avmerka på kartet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.09.2003

KK-forskrifta (forskrift om kasserte kjøretøy) vart innlemma i den nye store Avfallsforskrifta pr. 1. juli 2004, og utgjer nå kapittel 4 i denne. Her finn du krava som er stilt krav med omsyn til produksjon/import, innsamling og miljømessig handsaming av kasserte kjøretøy. Fylkesmannen i Rogaland går no gjennom og fornyar dei eksisterande utsleppsløyva etter det nå gjeldande regelverket.

Fylkesmannen og bilopphoggarane
Fylkesmannen har ei rekke oppgåver knytt til verksemder som har løyve etter forureiningslova til å drive innsamling og miljømessig handsaming av kasserte kjøretøy. Oppgåvene kan ein dele inn i fire hovudfelt:

  • Gje rettleiing om regelverk, praksis og sakshandsamingsprosessar til nye eller eksisterande verksemder/ andre som vender seg til etaten
  • Gje nye/ fornye utsleppsløyve
  • Kontrollar/ tilsyn
  • Samle inn, kontrollere og publisere tal om material- og ressursflyten

Søknad om utsleppsløyve
Ein kan dele sakshandsaminga hos Fylkesmannen av ein søknad om utsleppsløyve etter forureiningslova inn i fleire trinn (sjå skjematisk framstilling):

  1. Søknad om utsleppsløyve sendes Fylkesmannen. Søknadsskjema er tilgjengeleg elektronisk. Ta gjerne kontakt med kontaktperson hos Fylkesmannens Miljøvernavdeling (FMVA) på e-post elle telefon, og diskuter utfylling eller avtal eit møte om søknaden/søknadsprosessen. Det beste kan vere å sende inn eit forslag til søknad som raskt blir gått gjennom av sakshandsamar, og at endeleg søknad så blir sendt inn når sakshandsamar gir klarsignal. Dette er med på å sikre at søknaden inneheld dei nødvendige opplysningane og gjer sakshandsaminga raskare.
  2. Sakshandsamingsreglane krev at FMVA kunngjer søknaden i distriktet si viktigaste avis og sender saka til høyring i kommunen, til naboar og aktuelle interesseorganisasjonar. Høyringstida er 4-8 veker.
  3. Høyringsuttaler blir samla opp og kopi sendes til kommune og/ eller utbyggjar. Kommunen blir oppfordra til å slutthandsame søknaden. Tidsaspektet her er avhengig av kommunal handsamingstid.
  4. FMVA handsamar søknaden og sender over utkast av utsleppsløyve til søkaren, og sakshandsamar og søkar diskuterer aktuelle punkt i løyvet. Endeleg løyve med vilkår blir utarbeidd og sendes involverte partar med eit fylgjebrev. Statens forureinsningstilsyn (SFT) sine retningsliner "Kasserte kjøretøy, retningslinjer for løyve gitt av fylkesmannen" (TA 1923/2002)gir fylkesmannen veiledning om kva som skal vere med i eit løyve til verksemder som ynskjer å handtere kasserte kjøretøy. Retningslinene er utarbeidd for å oppnå ein mest mogleg lik praksis for desse verksemdene.
  5. Utsleppsløyvet er eit enkeltvedtak, og klagefristen er 3 veker frå søkaren vert underretta (Forvaltningslova). Søkaren/ part i saken sender klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen vurderer om det er grunn til å oppretthalde vedtaket eller ikkje. Opprettheld Fylkesmannen vedtaket vert klagen sendt videre til SFT, som gjer vedtak i saka og underrettar søkaren og Fylkesmannen.

Årsrapportering
Dei godkjende verksemdene for opphogging og gjenvinning av kasserte kjøretøy skal kvart år sende inn til fylkesmannen ein årsrapport som er ein enkel dokumentasjon på at deler av drifta skjer på ein miljømessig forsvarleg måte. Årsrapporten gir blant anna eit bilde av handteringa av avfallet. Årsrapporteringsskjema som skal nyttast av bilopphoggare i Rogaland er tilgjengeleg elektronisk.

Fylkesmannen skal kvart år, på bakgrunn av årsrapportane, publisere ei samla oversikt for fylket og dokumentere eventuelle fram- og tilbakesteg med omsyn til nasjonale mål. Verksemdene gir såleis eit viktig bidrag til at samfunnet får ei samla oversikt over material- og ressursflyten. EAL-koder som føres opp i årsrapporten finn ein i den europeiske avfallslista, sjå Avfallsforskrifta, under kapittel 11om farleg avfall.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.