Lisensjakt på jerv og ulv 2018 – 2019

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.

Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.09.2018

Lisensjakt på jerv og ulv 2018 – 2019

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jerv og 3 ulv kan fellast i Region 1 i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.

Lisensjakta gjeld for heile Rogaland. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jerv

Det kan fellast totalt 8 jerv i Region 1. Jakttida er frå 10. september 2018 til 15. februar 2019.

Ulv

Det kan fellast totalt 3 ulv i Region 1. Jakttida er frå 1. oktober 2018 til 31. mars 2019.

Jegerar som skal på jakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar): 51 56 89 00. Den som feller eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 51 56 89 15/986 76 987 og til kommunen. Felte dyr skal synast fram for Statens naturoppsyn for kontroll.

Sjå også vedlagt vedtak om lisensfelling for ein fullstendig oversikt over vilkår for jakta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.