Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2020

Rovviltnemnda har i møte 19.11.2019 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2019

I region 1 er det ikkje fastsett nasjonale mål for gaupe, og nemnda vil difor alltid ha mynde til å vedta gaupejakt, uansett bestandstatus for arten. Etter rovviltforskriften skal gaupejakta vere kvoteavgrensa, men det kan gjerast unntak ved å fastsette kvotefri jakt i visse høve, jf. Forvaltingsplan for rovvilt i region 1. Rovviltnemnda har i fleire år vedteke kvotefri jakt på gaupe i heile regionen. Jakttida er 1. februar til 31. mars.

For utøving av jakta gjeld reglane i viltlova med tilhøyrande forskrifter. Felling eller forsøk på felling skal så snart som råd meldast til Fylkesmannen.

Felte dyr skal dessutan framsynas til Statens naturoppsyn for prøvetaking m.v. med opplysning om kjønn, alder, tidspunkt for felling og fellingsstad.

Fangst av gaupe skal utøvast etisk forsvarleg og i samsvar med reglane for bruk av fangstreiskap. Bruk av fangstreiskap krev godkjenning frå Fylkesmannen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.