Løyve til skadefelling av ein jerv i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Forsand

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad frå Rogaland Sau og Geit, gitt løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland, Sauda, Suldal og Forsand. Løyvet gjeld i tida frå 17. august 2017 til og med 31. august 2017. Jakta vert utført av skadefellingslaget i Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.08.2017

Søknaden er fremma på bakgrunn av dokumentert tap av sau til jerv i Brudle i Suldal kommune. Det er også funnen døde dyr (sau) som i etterkant av søknaden har blitt stadfesta drepne av jerv i Kvanndalen\Mælen, der mange sauer er på beite. Også i Hordaland er det bekrefta tap av sau til jerv.

Jakta skal utførast av skadefellingslaget i Rogaland, og er gitt etter Naturmangfaldslova § 18 b for å avverge skade på husdyr på beite.

I 2016 var det tap av sau til jerv i same område. Fylkesmannen i Rogaland fekk søknad om erstatning for 285 lam/sau drepne av jerv i grensetraktene Rogaland, Hordaland og Telemark i 2016. Dette er eit viktig beiteområde med fleire aktive beitelag.

Heile fjellområdet er viktig beitemark for sau, og me vurderer skadepotensialet som vesentleg. Det beiter mykje sau i området, og jerven bruker å bli verande over vinteren. Ut frå at lisensjakta ikkje synes å vera tilstrekkelig effektiv, finn ikkje Fylkesmannen andre realistiske førebyggande tiltak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.