Grunnforureining: Mykje arbeid står igjen

Nå set Fylkesmannen inn ressursar for å støtta arbeidet i kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.03.2019

Fylkesmannen gjennomførte før nyttår tilsyn med kommunane sitt arbeid med grunnforureining. Det er etter lovverket kommunen er som er mynde på dette feltet og dermed vurderer og ev, gir løyve til graving i forureina grunn (forureiningsforskrifta kapittel 2).

Sandnes, Haugesund og Eigersund blei plukka ut

Tilsynet var del av ein landsdekkande aksjon, på oppdrag frå Miljødirektoratet. I Rogaland blei kommunane Sandnes, Haugesund og Eigersund valde ut. Alle fekk avvik fordi databasen Grunnforurensning ikkje blei oppdatert. Informasjon i databasen blir overført til matrikkelen slik at informasjon om eigedommane alltid skal vera oppdatert.

Truleg likt i resten av fylket

Fylkesmannen har inntrykk av at situasjonen i dei tre kommunane er representativ for resten av kommunane i fylket. Dermed er det mykje arbeid som må gjerast for å få oppdatert eigedomsinformasjonen i kommunane.

Statleg hjelp å få

Fylkesmannen har derfor søkt, og fått, ekstra midlar for å støtta kommunane i dette arbeidet. Stillinga skal støtta kommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn & Fjordane, Oppland, Hedmark og Møre & Romsdal.  Julie Jacobi Jonstrup er nå tilsett. Julie er geolog frå Universitetet i Aarhus og har erfaring frå databasearbeid, økotoksikologi, naturfare og strukturgeologi.

Treng du meir kunnskap?

Du som har ansvar for å utarbeida, bestille eller godkjenne tiltaksplanar for forurensa grunn vil trenge meir detaljert kunnskap. Miljøringen arrangerer på oppdrag frå Miljødirektoratet kurset MR-GRUNN-RISIKO. Påmeldingsfrist er 10. april 2019.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.
Julie Jonstrup er tilsett hos Fylkesmannen i Rogaland for å jobbe med grunnforureining og oppdatering av databasen.