Kartlegging av natur i Rogaland 2019

Miljødirektoratet startar i juni ei kartlegging av naturtypar i utvalde område i Rogaland. Biologer frå Biofokus og Ecofact Sørvest har fått oppdraget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.05.2019

Arbeidet ein del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealplanprosessar. Det vil bidra til ein effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder også med omsyn til naturverdiane i regionen. Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjar tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (rmp).

Miljødirektoratet har valt 105 ulike naturtypar som skal kartfestast. Desse naturtypane er raudlista (trua) i Noreg, eller viktige leveområde for trua og nær trua artar. Kartlegginga skjer til fots og registreringane skjer etter standardisert system som heiter Natur i Noreg (NiN). Ferdige kart (Fig. B) vil bli tilgjengelege via naturbase (http://kart.naturbase.no).

Fig B. Eit døme frå kartlegginga i 2018; berre utvalde naturtypar vert registrert, men heile areal innanfor områdeomrisset har vore undersøkt til fots. Dei mørkelilla figurane er dei naturtypeareala med svært høg kvaliteten.

All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og reglar for god ferdselskultur. Det kan vere naudsynt å gå på/langs innmarksareal. Om det er særskilte omsyn som må takast i samband med ferdsel, eller du ikkje samtykker til anten ferdsel på din innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, bes du kontakte Fylkesmannen i Rogaland, sjå kontaktinformasjon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.