Nye funn av den trua elvemuslingen i Strand

Elvemusling fra Krossvatnet på Tau. Foto: Leif Bruntveit.
Elvemusling fra Krossvatnet på Tau. Foto: Leif Bruntveit.

Elvemusling er no funne på to nye lokalitetar i Strand kommune, og utbreiingskarta for arten må derfor skrivast om.

Kommunen hadde tidlegare tre kjende førekomstar, men no er altså talet fem! Dei nye lokalitetane er Tauvassdraget, ved innløpet til Krossvatnet, og Fiskåna, nedstraums Vostervatnet. 

Sjå video frå turen.

Gamal musling, nytt funn

I førre veke fekk Fylkesmannen inn eit tips frå Ove Førland i Naturvernforbundet i Strand. Saman med undervassfotograf Leif Bruntveit vart det funne tre muslingar i innløpet til Krossvatnet på Tau. Fredag var Irvin Kilde og Annette Fosså frå miljøvernavdelinga på plass med vasskikkert og muslingklype for å undersøke dette funnet. Trass i høg vasstand fann dei raskt eit gamalt individ på heile 12,5 cm på ein meters djup. Elvemuslingekspert Kjell Sandaas fortel at eit individ i denne storleiken kan vera opp mot 150 år gamal. Maksimal alder er oppgjeven til heile 250 år.

Trua art

Elvemuslingen er oppført på raudlista over trua artar, i kategorien sårbar. Arten har gått sterkt tilbake dei siste tiåra, grunna mellom anna vassdragsregulering, kanalisering, bekkelukking, avrenning frå landbruksverksemd og sur nedbør. Då elvemusling er avhengig av aure eller laks for å fullføre livssyklusen, vil alle tiltak som har negativ påverknad på laksefisk også ramma muslingen. Evemuslingen lev av å filtrere partiklar, og har ei viktig funksjon som vassrensar. Det at det finns elvemusling, er og ein indikator på at tilhøva i elva er god. Det er svært gledeleg at det finns ei bestand i Tauvassdraget. Ved tiltak som som kan påverke vassdraget, må denne arten takast omsyn til.

Tett bestand i Fiskåna

Ove Førland hadde også eit tips om Fiskåna, som renn ut frå Vostervatnet nord i kommunen. Her vart det funne muslingar for fem-seks år sidan, men funnet vart aldri stadfesta eller lagt inn i noko database. Det tok berre 10 sekund frå vasskikkerten gikk i vatnet til den første muslingen vart funne. Og eit kvarter seinare var tallet 10, til stor glede for naturinteresserte byråkratar med vinterbleik hud og musearm. Etter lengdemåling vart alle muslingane satt tilbake der dei sto. Elvemuslingen kan flytta seg mykje rundt i grusen, så dei toler å bli plukka opp. Det er likevel best å la dei få stå i fred.

Fiskåna er eit regulert vassdrag, utan minstevassføring. Ove Førland fortel at vasstanden i elva kan variera mykje på kort tid. Dette er ikkje heldig for elvemuslingen, som ikkje toler å ligge tørt særleg lenge. Ein av muslingane som vart funne i dag, var død. Kanskje er tørrlegging årsaka?

Kartgrunnlaget

Dei to nye funna er no lagt inn i Artsobservasjoner, slik at det blir synleg i Artskart. Dette er viktige reiskap for forvaltninga, for ein kan ikkje bevare noko utan at ein veit kor dei finst. Det er og rapportert til Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, som har nasjonalt ansvar for forvalting av elvemusling. Dei driv Elvemuslingdatabasen, som er den mest omfattande utbreiingsoversikta vi har om arten i Noreg.

Det er viktig at slik informasjon kjem inn i kartdatabasane, slik at kunnskapsgrunnlaget (§ 8 i naturmangfaldloven) vert styrka.

Det er gjort fleire kartleggingar av elvemusling i Rogaland tidlegare, men det er framleis mange bekker og elver som ikkje er undersøkte. Dersom du skulle koma over elvemusling på ein ny plass, nøl ikkje med å ta kontakt med oss på miljøvernavdelinga.

Sjå video frå turen.

Aktuelt

Elvemusling
Margaritifera margaritifera 

 Elvemusling

- En av 23 arter av ferskvannsmuslinger i Norge.

- Lever stort sett i rennende, næringsfattig vann.

- Avhengig av laksefisk (ørret eller laks) for å fullføre livssyklusen. 

- Kan bli opp til 15 cm lang og opp til 250 år gammel.

- Halvparten av den Europeiske bestanden finnes i Norge

- Rødlistet, med kategori sårbar (VU), og foreslått som prioritert art.

Les mer i Artsdatabankens faktaark.