Marin naturtypekartlegging i Rogaland 2012-2015

Prosjektet "marin naturtypekartlegging i Rogaland" vart starta opp i 2012, og er no avslutta. Tysdag 14. april markerte Fylkesmannen i Rogaland dette ved å halde avslutningsmøte i Statens hus. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.04.2015

Les meir på prosjektets heimeside.

Dei prioriterte naturtypane som har vært kartlagt, er mellom anna ålegrasenger, tareskog, skjelsandforekomster, samt kamskjel og gyteområdar for torskefisk. Kartlegginga har vore gjennomført av Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA), Havforskningsinstituttet (HI), og Norges Geologiske Undersøkelser (NGU). På møtet presenterte dei resultat frå kartlegginga for tilhørarar frå mellom anna kommunane, Fylkeskommunen og frå Fylkesmannen.

Fornya kunnskap

Kunnskap om det biologiske mangfaldet i sjø er viktig for å kunne forvalte kystområda på ein god og berekraftig måte. Kartlegginga har vist at det i Rogaland er svært viktige førekomstar av  ålegrasengertareskog, blautbotnområdar i strandsona og gyteområdar for torskefisk. Det er også viktige førekomstar av naturtypane skjelsand, israndavsettningar og kamskjel. Resultata frå kartlegginga blir etter kvart å finne i Miljødirektoratet sin kartløysing Naturbase. Vi håper at kunnskapen aktivt nyttast i arealplanlegging og planlegging av tiltak i sjø.

Les meir om marine naturtypar på Miljødirektoratet si heimeside.

Dei viktige oppvekstområda

I tareskogen er det høg produksjon og stor artsrikdom, og den blir av den grunn omtala som «havets regnskog». Ålegrasenga, havets grøne åker, er oppvekstområde for mange fisk og dyr, den fungerer som matfat for fugl, og den binder karbondioksid. Blautbotnområdar i strandsona er tilhaldsstad for mange artar, og er viktige rasteplassar for fugl. Lista over viktige kvalitetar for alle dei utvalde marine naturtypar er lang. For å få eit innblikk i kva rolle ålegrasenger speler for kysten vår, kan du ta ein titt på denne videoen frå Fylkesmannen i Aust-Agder.

Vidare kartleggingsbehov

I Rogaland vart det kartlagd totalt 362 ålegrasenger. Kommunane Hjelmeland, Karmøy, Rennesøy, Stavanger og Tysvær hadde flest førekomstar av ålegras. Kunnskapen frå kartlegginga rustar oss til å ha ein meir aktiv forvalting av biologisk mangfald i sjø. Det er behov for vidare kartlegging, prosjektet har til dømes ikkje sett på lokalt viktige førekomstar av naturtypane, og det er bare nokre få naturtypar som er kartlagt. Det er likevel ein god start, og eit godt billede av verdiane som ligger gjømt under havets overflate.

Ålegraseng. Foto: Erling Svensen. 
Ålegraseng. Foto: Erling Svensen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.