Berekning av effekten ved klimatiltak

Kommunane skal lage eigne klima- og energiplanar. Miljødirektoratet har utvikla eit verktøy som kan hjelpe kommunane og andre å berekne effekten av planlagde klimatiltak. Ein fyrste versjon er tilgjengeleg på miljokommune.no.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.01.2018 av Administrator

Dei siste åra har ei prosjektgruppe i regi av Miljødirektoratet arbeidd med å utvikle verktøy som kan nyttast ved utarbeiding av betre statistikk over klimautslepp i kommunane og ved berekning av effekten av forskjellige klimatiltak. Gruppa har hatt medlemmar frå fleire fagmiljø som arbeider med utsleppsstatistikk og tiltaksberekningar og Fylkesmannen i Rogaland har delteke i ei referansegruppe. Sluttproduktet av dette prosjektarbeidet skal bli ein nettstad som kan nyttast av kommunane i arbeidet med klimatiltak, jf. lenka i denne nettsaka om prosjektarbeidet.

Delar av arbeidet er nå ferdig og er publisert på Miljøkommune.no. Hovudverktøyet består av ein serie rekneark (Excel) som dekker tema som vegtrafikk, motorreiskap, energiforsyning, oppvarming, jordbruk, skogbruk og skipsfart. Det finnes ei vegleiing i korleis reknearka skal nyttast og det er lenker til andre verktøy og til katalogar som omtalar aktuelle tiltak.

Reknearka for nokre av temaene er framleis under utvikling og dei andre reknearka vil truleg bli oppdaterte etter kvart. Nye vil kome til og Miljødirektoratet ynskjer kommentarar om forbetringar. Men her er eit verktøy som er det beste me har fram til nå og som me oppmodar kommunane til å nytte i arbeidet med klima- og energiplanar. 

Verktøyet vil også bli presentert av Miljødirektoratet på Fylkesmannen sin klimakonferanse 7. februar i år, jf. lenka i denne nettsak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.