Tidleg jakt på grågås i Kvitsøy og Rennesøy i 2014

Fylkesmannen har gitt nye lokale forskrifter som opnar for 15 dagar utvida jakttid på grågås i  Kvitsøy og Rennesøy kommunar i 2014. Jakta i denne perioden er strengt regulert.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.07.2014

Bakgrunn for å utvida jakttida på grågås i desse to kommunane er store beiteskader frå grågås på eng. Bestanden av grågås i Ryfylke har vekse kraftig etter år 2000, og tidleg jakt er eit godt verkemiddel for å redusere lokal bestand av grågås.

Fylkesmannen kan utvida jakta ved spesielle høve. Det er sett strenge føringar for jaktutøvinga i denne perioden. For at jakta skal vere lokalt tilpassa er det eit ulikt regelsett for dei to kommunane. Utvida jakt i 2014 skal evaluerast før eventuell vidareføring neste år.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.