Tidleg jakt på grågås i Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy kommunar 2017-2018

Fylkesmannen har gitt ny felles forskrift som opnar for 15 dagar utvida jakttid på grågås i Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy kommunar for 2017 og 2018. Den utvida jakta er strengt regulert.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.07.2017

Bakgrunnen for utvida jakttida på grågås er rapportar om store beiteskadar frå grågås på jordbruksareala i kommunane.

Ein opplever stadig vekst av grågåsbestandar i Ryfylke og tidleg jakt er eit godt verkemiddel for å redusera dei lokale bestandane av grågås.

Fylkesmannen kan utvida jakta ved spesielle høve. Det er sett strenge føringar for jaktutøvinga i denne perioden.

For at jakta skal vere lokalt tilpassa er det utarbeidd ulike sett med reglar for dei tre kommunane. Utvida jakt i 2017 skal evaluerast før vidareføring neste år.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.