Jakttider

Det er Miljødirektoratet som fastset jakttidene for dei jaktbare viltartane. I Norge er det tillat å jakte på nesten 60 ulike artar fuglar og pattedyr.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.10.2013

Rogaland fylkeskommune vedtek endring av jakttider for elg og hjort etter søknad frå kommunen. Fylkeskommunen kan og utvide jakttida på kanadagås og stripegås både i førekant og etterkant av den ordinær jakttida.

Fylkeskommunen har vegleiings- og informasjonsansvar etter hjorteviltforskrifta. Sjå kontaktperson på nettsidene til Rogaland fylkeskommune.

Jakt og fangst er ikkje tillatt i tida frå og med 24. desember til og med 31 desember. Det er heller ikkje tillatt å jakte på langfredag, påskeaften og første påskedag.

Som jeger må du i tillegg skaffe deg oversikt over eventuelle lokale fredningar sidan grunneigar kan gjere innskrenkingar innanfor dei jakttidene som er fastsett. Innskrenkingane kan og gjerast i samband med områdevern som til dømes sjøfuglereservat.

Seljakt
Rogaland fylkeskommune gir fellingsløyve og Fiskeridirektoratet forvaltar sel. Sjå kontaktinformasjon i høgremenyen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.