Båtførarar må vise omsyn til badande og andre interesser i strandsona

Fint ver og varmt vatn i sjøen gjev rekordbesøk langs Jærstrendene og andre badeplassar i fylke. Både Fylkesmannen og friluftsråda får melding om uvettig køyring med båt og vannskuter blant dei badande.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.07.2014

Båtar kan lett skade badande og Fylkesmannen oppmodar båteigarar om å vise omsyn.

Alle båtar og andre fartøy skal vise stor aktsemd ved køyring nær badande. Havne- og farvannslova har eigne tilleggsreglar som regulerer fart på sjøen nær land (Forskrift om fartsbegrensning i sjø, elv og innsjø).  

Det er strenge krav til aktsemd når ein køyrer båt. Farten skal avpassast til forholda på staden. Skal ein ferdast i område nær badande, må ein sakke farten - innanfor ein avstand av 50 meter frå staden der bading pågår, skal ein ikkje gå med større fart enn 5 knop (ca 9,2 km/time).

Reglane for vannskuter er endå strengare. Sjå lovverk i lenkene nedanfor.

Om  me tek meir omsyn til kvarandre i sjø og på strand, vert denne sommaren tryggare og enno betre!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.