Kamp mot framande plantar og dyr

Spreiing av framande artar er eit alvorleg trugsmål mot det biologiske mangfaldet. Å hindra, kontrollera og utrydda framande skadelege artar som kan trua den økologiske balansen i naturen er dei sentrale oppgåvene. Ein regional handlingsplan for Rogaland er no på plass.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.05.2013

Handlingsplanen mot framande skadelege artar i Rogaland er utarbeidd etter oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning. I 2007 presenterte regjeringa ”Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter ”. Same året kom første versjon av Norsk svarteliste frå Artsdatabanken. Naturmangfaldlova med eit eige kapittel om framande artar kom i 2010. Desse tre dokumenta dannar hovudgrunnlaget for utarbeidinga av regionale handlingsplanar.

Sektoransvar
Kampen mot framande skadelege artar er avhengig av ein brei innsats frå alle sektorar dersom ein skal lykkast. Både offentlege etatar, private aktørar og organisasjonar må ta sin del av ansvaret. Planen legg vekt på å synleggjera fordelinga av ansvar og oppgåver.

Økonomi og framdrift
Planen har ikkje økonomiske rammer og tidsplanar. Gjennomføringa av tiltaka innan forvaltninga vil såleis vera avhengig av årlege prioriteringar i kommunane, fagetatar og sentrale styresmakter. Det går klart fram at utfordringar og skadepotensiale knytt til framande skadelege artar vil krevje store kostnader. Gjennomføring av tiltak kan i nokon grad løysast ved betre forvaltning og god planlegging, men vil og vera avhengig av større økonomisk innsats.

Kunnskapsmangel
Det er i dag stor mangel på kunnskap om utbreiing av trusselartane, spreiingspotensiale og økologisk risiko. Vi reknar med at kunnskap om betre og meir effektive bekjempingsmetodar vil gjera arbeidet enklare etter kvart. Særleg mangelfull er kunnskapen når det gjeld marine framande planter og dyr som kan truga heimlege økosystem.

Målretta, koordinert innsats
Sjølv om fleire kommunar og etatar allereie har sett i gong tiltak, står mykje att. Framover vert det avgjerande med ein målretta og koordinert fellesinnsats der både offentlege og private aktørar tek sin del av ansvaret for det biologiske mangfaldet i Rogalandsnaturen. Framlegg til tiltak i planen er meint som ei rettleiing for å kunne prioritera innsatsen.

Informasjon
Eit av hovudtiltaka for Fylkesmannen i Rogaland er å driva informasjon kartlegging og nedkjemping av framande skadelege artar. Vi ønsker å presentera handlingsplanen i forskjellige samanhengar - så ta gjerne kontakt !

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.