Etterkunngjering av løyve til Prima Seafood AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Prima Seafood AS nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt produksjonsanlegg for pelagisk fisk i Lindøyvegen 92 i Egersund, gnr.47 bnr.35 Eigersund kommune.

Verksemda leiger kai og produksjonsanlegg av Fonn Egersund AS.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.04.2020

Løyvet er datert 23.04.2020 og erstatter i sin helheit løyve av 06.05.2009. Sistnevnte løyve vart opprinneleg gitt Fonn Egersund AS og seinare overført utan endringar i ordlyden, først til Global Egersund AS og deretter til Prima Seafood AS frå 01.05.2019.

Fonn Egersund AS sitt mottak av kvitfisk, oppdrettskveite og reker reguleres av sjølvberande vilkår i forureiningsforskrifta kapittel 26.  

Løyvet til Prima Seafood AS har ei produksjonsramme på 12 000 tonn filet, 5000 tonn matjessild og 20 000 tonn rundpakka fisk.

Løyvet set krav til utslepp av prosessvatn og støy. Verksemda har ikkje utslepp til luft.

Sjå løyvet med vedtak og saksutgreiing i dokumentlenka.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.