Fiske i vassdrag

Les her om krav til minstemål, reiskapbruk, gjenutsetting av laks sjøaure, fisetider og fiskereglar m.m.

Fiskaravgift

Skal du fiske etter laks, sjøaure eller sjørøye i vassdrag, må du betale den statlege fiskaravgifta. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betale fiskaravgift.

Kravet om å betale fiskaravgift gjelder for lakseførande strekning i vassdrag. Et vassdrag reknes som lakseførande opp til foss, eller anna hinder som laksen ikkje greier å passere, eller til grensa fastsett av Fylkesmannen.

Inntektene fra sal av fiskaravgift går til Statens fiskefond, som brukes til tiltak for å bevare bestandane og tilretteleggje for fiske. Årleg fordeler Fylkesmannen i Rogaland midler fra fiskefondet til lokale fiskeformål.

Sjå Miljødirektoratet sin informasjonsside om fiskaravgifta og korleis den kan betales: Fiskeravgift.

Fiskekort

Før fisket startar må du kjøpe fiskekort eller innhente fiskeløyve hos fiskerettshavaren. Den som sel fiskekort eller gjev løyve til fiske, har plikt til å forvisse seg om at fiskaravgifta er betalt.

Minstemål

Minstemålet for laks og sjøaure er 35 cm. Det vil sei at det er forbode å avlive laks eller sjøaure som er mindre enn 35 cm. Fisk under minstemålet skal setjast ut att.

Vinterstøing

Det er ikkje lov å fiske vinterstøing. Vinterstøing er utgytt fisk. Om du får vinterstøing, skal den setjast ut att på ein skånsam måte.

Tillate reiskap

Det er berre tillatt å fiske med stang og handsnøre. Følgjande agn er tillatt: mark, sluk, spinner, wobbler og flue.

Det er ikkje tillatt å rykke/krøke fisk, og difor er det innført reglar om krokstorleik. Avstanden mellom krokstamme og krokspiss kan vere maksimalt 13 mm, og for enkeltkrok maksimalt 15 mm.

Ved fiske frå land er det tillatt å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er tillatt med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Det vil sei at det kan brukast to fluer på fortommen, eller ei opphengarflue over sluken. Ved fiske frå båt er det tillatt å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

Forbode å bruke fisk som levande agn

Det er forbode å bruke fisk som levande agn i vassdrag i Noreg. Forbodet er for å hindre spreiing av uønska fiskeartar, og av dyrevernmessige omsyn. Dersom du oppdagar at fiskarar brukar levande fisk som agn, bør du melde det til Politiet eller Statens naturoppsyn.

Fisketider

Fisketidene for fiske etter laks og sjøaure i alle vassdrag er regulert i den landsdekkjande forskrifta Forskrift om fisketider for laksefiske i vassdrag.

Det er tillatt å fiske innlandsfisk i innsjøar, jf Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

Lokale fiskereglar

Lov om laks- og innlandsfisk med tilhøyrande nasjonale og regionale forskrifter set dei ytre rammene for fisket. Rettshavarane kan fastsetje eigne lokale fisketider innanfor desse rammene. Det er fiskaren sitt ansvar å setje seg inn i dei reglane som gjeld.

Rapportering

Alle som fisker laks og sjøaure i vassdrag skal rapportere om fangst til fiskerettshavar. Den som eig fiskerett til laks, sjøaure eller sjørøye har plikt til å sende inn rapport til Fylkesmannen om fangsten seinast to veker etter siste fiskedag for anadrome laksefisk i vassdraget. Det skal rapporterast både om avliva fisk og gjenutsett fisk. Rapporteringa skal gjerast på det sentrale registeret fangstrapp.no

Meir informasjon om fiskereguleringar finn du på nettsida til Miljødirektoratet, Villaksportalen.

Gjenutsetting av fisk

I nokre vassdrag er det lokale reglar om utsettjing av fisk. Det er gjort forskning på forhold som kan påvirke overlevelse og atferd hos laks etter gjenutsettjing i norske og utenlandske elvar. Norsk institutt for naturforskning (NINA) har oppsummert denne kunnskapen, og informasjon om dette finn du på nettsida til NINA

Du finner og gode råd om korleis gjenutsettjing bør praktiseras i denne informasjonsfolderen som er utarbeida av Norske Lakseelver og NJFF.


Kontaktpersoner