Fristar for miljøovervåking akvakulturanlegg og koronavirus

Oppdrettsselskap må melde frå til Fylkesmannen, dersom miljøgranskingar planlagde før 1. juni 2020 vert utsette.

Myndigheitene har innført strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Fylkesmannen ser at akvakulturanlegga i fylket på grunn av dette kan få utfordringar med å få utført planlagde miljøgranskingar av typen C-undersøking etter Norsk Standard NS 9410:2016 framover.

Standarden sine punkt 8.4 og 8.7 har fristar for når i produksjonen slike undersøkingar skal gjerast. Oppdrettsselskap som har planlagt å gjere C-undersøkingar før 1. juni 2020, og som på grunn av smitterestriksjonane ikkje får gjort desse på rett tidspunkt, må melde frå om dette til Fylkesmannen. Send melding til fmropost@fylkesmannen.no

C-undersøkingane som vert utsette skal gjerast så raskt det vert mogleg att, og deretter følgje dei normale frekvensane i standarden. 

Fiskeridirektoratet har lagt ut ei tilsvarande melding som gjeld B-undersøkingane