Trur du utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot kan vere feil?

Dersom du meiner det kan vere feil i utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot, kan du klage. Fristen for å klage er 3 veker frå du mottok vedtaksbrevet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2020

Vedtaksbrevet er sendt ut elektronisk via Altinn, og du bør hente ut vedtaksbrevet og lese gjennom vedtaket frå kommunen. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om utbetalinga.

Fylkesmannen er klageinstans

Du skal sende ein eventuell klage til kommunen. I klagen skal du skrive kva du klagar på, dvs. kva du meiner er feil. Kommunen skal vurdere klagen, og skal sende den vidare til Fylkesmannen om dei kjem til at dei held fast på sitt vedtak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.