Søk produksjonstilskot innan 15. mars

Søknaden kan sendast inn frå og med 1. mars 2019. Du kan søkje på dei dyra du disponerer på teljedatoen 1. mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2019

Søknadsfristene vil bli praktisert meir fleksibelt i 2019, og det er difor mogleg å levere søknaden opptil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie fram til og med 29. mars.

Vi vil likevel tilrå at du ikkje ventar til siste frist før du sender inn søknad. Vi har erfart at søkjarar som har vore ute i siste liten ikkje har fått levert søknaden innan fristen fordi datautstyret av ein eller annan grunn ikkje har fungert. Send inn søknaden snarast mogleg etter 1. mars, då kan du fram til 29. mars gå inn og gjere eindringar dersom du finn ut at du har ført opp feil.

Enkelt å søkje elektronisk

Vi vil tilrå at du søkjer elektronisk, det reduserer risikoen for feil i søknaden. I den elektroniske søknaden finn du søknadsopplysningane frå din førre søknad. Etter at du har fylt ut og kontrollert søknaden, må du hugse på å trykke på knappen "Send søknad". Du vil då motta ein stadfesting på at søknaden er levert i Altinn-innboksen. Dersom du ikkje mottek ei slik kvittering på innsendt søknad i Altinn, må du kontrollere om søknaden faktisk er innsendt. Ta eventuelt kontakt med kommunen for hjelp.

Det er også mogleg å levere søknad på papir. Søknadsskjema på papir blir tilgjengeleg frå 1. mars.

Søknaden i mars er for dei som driv med husdyrproduksjon

Ved del 1 av søknaden, med søknadsfrist 15. mars, kan du søkje om følgjande tilskot:

  • tilskot for husdyr (unntatt bifolk)
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeprodukjson
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk

Avløysartilskot og tilskot til grovfôrareal

Du må i del 1 av søknaden også registrere dyr som gir grunnlag for:

  • tilskot til avløysing ved feire og fritid
  • tilskot for grovfôrareal

Desse to tilskota søkjer du om i del 2 (med søknadsfrist 15. oktober), men du må ha registrert i søknaden del 1 dei dyra du disponerer per 1. mars for at desse skal takast med i tilskotsgrunnlaget for dei to tilskotsordningane.

Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen dersom du har spørsmål i samband med søknad om produksjonstilskot.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.