Endring i regelverket for tidlegpensjon

Nå er det ikkje berre ektefellar/sambuarar som kan få «tobrukarpensjon». På gardsbruk der det er to eller fleire som eig og driv i lag, så kan alle eigarane søkje tidlegpensjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2020

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har overdratt garden til ny eigar kan få tidlegpensjon. På gardsbruk der det er fleire eigarar som har separate hushaldingar kan dei søke om kvar sin «enbrukarpensjon». Der eigarane har felles bustad og hushalding kan dei søke om «tobrukarpensjon». Tidlegare var det berre ektefellar/sambuarar som fekk tobrukarpensjon, men nå kan også andre, til dømes søskenpar, få det. Kravet er at eigarane har delteke aktivt i drifta. For å få enbrukarpensjon må søkaren ha vore jordbrukar i minst 15 år. For å få tobrukarpensjon må ektefelle/sambuar/medeigar ha budd og arbeidd på landbrukseigendomen dei siste fem åra før den blir overdratt til ny eigar.

Einbrukarpensjon – medeigars inntekt blir ikkje tatt med i berekninga av pensjon.

Tobrukarpensjon – medeigars inntekt blir tatt med i berekningane.

På heimesida til Landbruksdirektoratet står det meir om kven som har rett på tidlegpensjon i jordbruket

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.