Dårleg dyrevelferd gir trekk i tilskotet

På gardsbruk der det er funne alvorlege brot på regelverket for dyrevelferd i dyrehaldet, trekk landbruksforvaltninga i produksjonstilskotet til føretaket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.05.2019

I 2017 fekk 34 føretak trekk i tilskotet grunna brot på regelverket for dyrevelferd. Høgaste trekket var på heile kr 520 000. Totalt var det 4195 føretak som søkte om produksjonstilskot i Rogaland i 2017.

I 2018 søkte 4163 føretak om produksjonstilskot i Rogaland. Førebels tal for 2018 er at 33 føretak hadde så dårleg dyrevelferd at heile eller delar av tilskotet blei trekt. Høgaste trekket i tilskot for 2018 var rett i overkant av kr 500 000. Tala for 2018 er ikkje endelege fordi det er klaga på nokre av vedtaka, og desse klagane er ikkje handsama enno.

Kvifor trekk forvaltninga i tilskotet?

Regelverket slår fast at forvaltninga kan redusera tilskotet når det er brot på regelverket for dyrevelferd. Samfunnet sine felles midlar skal forvaltast på ein forsvarleg måte, og ulovleg verksemd ikkje skal støttast. I tillegg vil trekk i tilskotet i mange tilfelle vera med på å få føretaket til å betra dyrevelferda.

Det er alvorlege brot som førar til trekk i tilskotet

Det er Mattilsynet som har ansvar for å følgja opp brot på regelverket for dyrevelferd. Mattilsynet meldar frå til landbrukskontoret i kommunen og Fylkesmannen i alvorlege sakar. Det er altså ikkje slik at når Mattilsynet har vore på ein gard, og funne nokre avvik, så blir det automatisk eit trekk i tilskotet. Brota på regelverket for dyrevelferd skal vera av eit visst alvor, eller så skal det ha vore dårlege tilhøve over lang tid, før forvaltninga trekk i tilskotet.

Føretaka som har fått eit trekk i tilskotet for 2018 har blitt trekte mellom 5 prosent og 100 prosent av det totale produksjons- og avløysartilskotet. Storleiken på trekket avheng mellom anna av kor alvorleg brota er, kor mange dyr som er omfatta av brota og kor lenge det har vore dårlege tilhøve i dyrehaldet. Dei mest alvorlege brota på regelverket er tilfelle der dyr ikkje har fått nok mat eller ikkje hatt tilgang til vatn, eller sjuke og skada dyr som ikkje har blitt tatt hand om. Svært dårleg reinhald kan òg til dømes føra til trekk i tilskotet dersom Mattilsynet har funne slike tilhøve på mange tilsyn over lenger tid. I dei tilfella der heile tilskotet er trekt, har tilhøva vore så dårlege at bonden har fått vedtak frå Mattilsynet om avvikling av husdyrhaldet eller forbod mot å halda dyr.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner