Vinterskade på eng – fristar for 2013

Ein ny vekstsesong nærmar seg og tida er inne for å melde frå om eventuelle vinterskadar på eng.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.03.2013

Ordninga med erstatning for vinterskade på eng skal redusere økonomisk tap som skuldast klimatisk forårsaka produksjonssvikt som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. 

Viktige fristar
Fylkesmannen vil understreke at dersom nokon skal søkje om erstatning for vinterskade på eng, må det meldast frå om dette til kommunen i god tid før utbetring, slik at kommunen kan kontrollere arealet. Dette er eit krav for å få utbetalt erstatning. Det er også eit krav at enga blir utbetra så tidleg at arealet kan gje avling same år. Utbetring må skje før 15. juni og sjølve søknadsfristen er 15. juli.

Klimatiske eller driftsmessige årsaker
Årsaka til skaden skal vurderast, og søkjar skal i lag med kommunen fastslå kor stor del av skaden som skuldast klima.

Meir informasjon om ordninga ligg på SLF sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner