Desidert størst i Noreg

Rogaland ER Matfylket i Noreg. Det blir stadfesta i ein ny publikasjon om matproduksjonen i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.12.2015

Omsetnaden av jordbruksproduksjonen i Rogaland er rundt 40 prosent høgare enn i fylke nummer to. Det startar med dei rundt 4000 driftige bøndene som gir oss 300 millionar liter mjølk, 4,7 millionar salatar, 14 millionar kyllingar, berre for å nemne noko av den høge produktiviteten. Det finst ei komplett næringskjede, frå leverandørane til bøndene, via industrien til forbrukarane. Heile 17 000 personar er sysselsett i Rogaland sin matindustri.

I tillegg kjem den store produksjonen i havet. 77 000 tonn laks pluss 257 000 tonn pelagisk fisk. Rogaland har den mest samansette næringsklynga i verda når det gjeld akvakultur. Omsetnaden er på 9 milliardar kroner, og sysselsett 2500 personar.

Publikasjonen er krydra med gode historier. Til dømes får vi høyre om 3 meter høge ripsbuskar, luksusmerker som Rolls Royce som brukar hud av kyr frå Rogaland og saueull til tepper i Det Hvite Hus.

Vi har mykje å vere stolte av i Rogaland. Heile matkjeda – frå bønder, grossistar og restaurantar til matfestivalar, foredlarar og forskarar, klarer å kombinere kvalitet, volumproduksjon med god og stabil mattryggleik.

Utgivar av publikasjonen er Ressursgruppen for mat i Næringsforeningen i Stavangerregionen, med støtte frå NCE Culinology, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Du finn publikasjonen i høgremargen.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.