"Planting for klima" avslutta med besøk frå Miljødirektoratet

Skog er ein viktig del av klimaløysinga då den produserer oksygen, bind CO2 og lagrar karbon når tømmeret blir brukt i hus og hytter. Foto: Fylkesmannen i Rogaland)
Skog er ein viktig del av klimaløysinga då den produserer oksygen, bind CO2 og lagrar karbon når tømmeret blir brukt i hus og hytter. Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Sluttrapporten er levert, og pilotprosjektet «Planting for klima» blei avslutta i Skogens Hus med nær 30 deltakarar.

Avslutningsarrangementet «Frå plante til planke» gav eit innblikk i dei utfordringane og forpliktingene Noreg har knytt til klima, og kva slags grep som kan gjerast i tida framover. Innlegg frå Miljødirektoratet og Miljøstiftelsen ZERO gav dei store linene, og eit blikk på kva slags teknologi som er på veg. Vidare tok Fylkesmannen i Rogaland for seg korleis klimaendringane påverkar miljøverdiar, og kva ein må vere merksam på ved klimatiltak. Fylkeskommunen og Kystskogbruket gav næringa innspel til korleis klima og skogen kan kome betre fram på agendaen –  ein må utnytte det at skognæringa sjølv ønsker å bidra.

Oversiktsbilde av deltakarane under arrangementet

 

Sluttrapport frå det treårige pilotprosjektet «Planting av skog på nye arealer som klimatiltak»

Sluttrapporten for pilotfasen blei presentert som siste innlegg, og tok for seg korleis ordninga har vore lagt opp, resultat frå prosjektet og tilrådinga Fylkesmannen har til sentral prosjektleiing. Sluttrapporten finn du i høgre kolonne, samen med presentasjonane til foredragshaldarane.  

Prosjektleiar Ingeborg Anker-Rasch presenterte resultata frå pilotfasen.

Samandrag frå sluttrapporten

Det blei identifisert om lag 380 000 dekar med potensielt planteareal i Rogaland ut i frå den regionale kartanalysen. I pilotfasen har det i Rogaland blitt planta 3 285 dekar skog, fordelt over 49 eigedomar og sju kommunar. Dette utgjer eit årleg opptak av CO2 tilsvarande utsleppet til ca. 3 600 bilar.

Planteaktiviteten blei i hovudsak generert av pådrivarar som var leigd inn i pilotfasen og av skogbrukssjefane i pilotkommunane. Dette viser kor viktig slik oppsøkande verksemd er for å skape aktivitet. I arbeidet kom det fram at mange, både grunneigarar og folk flest, har liten kunnskap om skog og potensialet den har i klimasamanheng. Ved informasjon om dette, blei fleire positivt innstilt til skog og bruken av den. Andre faktorar som har bidratt til gjennomføringa har vore samarbeid mellom fylke, kommunar og næringsaktørar. Det at dei utvalte pilotkommunane var rusta for pilotfasen, og ikkje minst at eit tidligare tilsvarande prosjekt har bana veg for pilotfasen, har og vore positivt for gjennomføringa.

Pilotfasen har avdekka utfordringar som bør sjåast på ved ein eventuell oppskalering. Desse utfordringane har vore krevjande saksgang, større behov for miljøfagleg kompetanse på kommunalt nivå, utfordringar i det ordinære skogbruket, manglande fokus på skog i planverk og eit stort behov for auka kapasitet og kompetanse innan skogbruk på kommunalt nivå. I tillegg er som nemnt interesser og haldningar blant grunneigarar og folk flest, knytt til treslagsval og skogbruk, også ei utfordring.

Fylkesmannen i Rogaland vil etter deltaking i dette treårige pilotprosjektet anbefale følgjande for ein eventuell oppskalering:

  • Val av treslag må i hovudsak vere basert på best klimaeffekt
  • Ordninga må vere enklare og samsvare med andre planteordningar
  • Kapasitet og kompetanse hos kommunane må sikrast
  • Kostnadsbevisstheit bør provoserast fram
  • Vurdering av miljøfunn bør adresserast
  • Skogplanting som tema bør vere meir synleg i kommunale planverk
  • Auka fokus på brakklagt jordbruksareal, inkludert kartfesting av slike areal
  • Utarbeiding av ein kommunal rettleiar