Store areal går ut av skogproduksjon i Rogaland

Planteaktiviteten held ikkje tritt med hogstaktiviteten i Rogaland, og stadig meir areal går over frå skogproduksjon til andre arealformål. Ei samanstilling for perioden 2011-2017 viser at utviklinga er meir omfattande enn vi tidlegare har trudd.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.03.2018

Låg foryngingsgrad og mykje areal som går ut av skogproduksjon

Fylkesmannen si samanstilling av resultata frå kontrollane viser ei negativ utvikling for skogareala våre.

Diagram som viser resultat fra kontroll av hogstfelt i perioden 2011-2017.

På kontrolltidspunktet var det berre 25 prosent av hogstarealet som var tilfredsstillande forynga (grønt i diagrammet). Meir enn ein tredel av hogstarealet var enten ikkje tilfredsstillande forynga (gult), eller ikkje forsøkt forynga (raudt).

I tillegg var det ein stor del av hogstarealet som ikkje skulle tilbake til vidare skogproduksjon, men som var planlagt omdisponert til andre formål. I samanstillinga er så mykje som 41 prosent av kontrollarealet under omdisponering (lys blå) eller godkjent omdisponert (mørk blå). Dette er i hovudsak areal der skogeigaren har ønske om å omdisponere til innmarksbeite.

Det er spesielt den store delen areal som er under omdisponering tre år etter hogst som vi meiner er urovekkande. Det er uheldig at høgproduktive areal blir liggjande brakke utan ein tilfredsstillande jord- eller skogproduksjon. For å få godkjent eit areal til innmarksbeite blir det stilt krav til grasdekke, rydding av hogstavfall m.m. Dette skal vere på plass innan tre år etter hogst, elles må grunneigar søke kommunen om utsett frist på inntil to år. Det er utarbeidd eigne retningsliner for omdisponering av skogareal til innmarksbeite i Rogaland.

Kor stor del av dette arealet som faktisk er godkjent omdisponert innan fristen, har vi ikkje oversikt over. Vi har heller ikkje tal på arealet som har blitt forynga etter kontrolltidspunktet. Altså er biletet sannsynlegvis noko betre enn kva som kjem fram av kontrollane. Men vi har grunn til å tru at ein del av desse «usikre» areala verken blir godkjende innmarksbeite eller forynga skog. Desse areala er høgproduktive og bør raskt bli sette i ny produksjon etter hogst, før konkurrerande vegetasjon tar over.

Avskoging og nedbygging av skogressursane på dagsorden

Samanstillinga viser at nedbygginga av skogareala våre har blitt ein varig trend. Ut frå tala frå siste års kontrollar (2016 og 2017) er det ikkje teikn til at utviklinga er i ferd med å betre seg.

Utviklinga er ikkje unik for Rogaland. Fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket sendte hausten 2017 eit brev til Landbruks- og matdepartementet med bekymring for den same utviklinga i alle kystfylka, og med forslag til tiltak for å snu utviklinga.

På landsbasis kom nyleg NIBIO-rapporten Analyse av størrelse, årsaker til og reduksjonsmuligheter for avskoging i Norge Her det rekna på kor mykje skogareal som har gått til andre føremål (utbygging, samferdsel, jordbruk o.a.), såkalla avskoging. Rapporten viser at store areal (58 000 dekar) blir avskoga kvart år på landsbasis. Klimautsleppa frå avskoging er kvantifisert, og utgjer det dobbelte av sivil innanlands flytrafikk. Sjølv om tala i rapporten er usikre, viser han same klare trend som vi ser lokalt i Rogaland.

Sett i lys av klima- og avskogingsdebatten, så er det viktig at både skogeigarar, forvaltinga og skognæringa tar tak i denne utviklinga og sikrar at hogstareala, enten dei skal gå vidare i skogproduksjon eller anna, blir følgt opp.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.