Planting av skog på nye areal som klimatiltak

Rogaland var i frå 2015 til 2018 eitt av tre fylke som var med på pilotfasen i prosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak». Satsinga var eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012.

Føremålet med pilotfasen var å hauste erfaring med blant anna klimaeffekten, miljøkriterier og gjennomføring, før ei eventuell oppskalering av tiltaket som klimatiltak.

Prosjektet innebar eit samarbeid mellom ulike interessegrupper innan skognæring, naturmangfald og klima, og var ei sjeldan tverrsektoriell satsing som involverte Landbruks- og matdepartemenet, Klima- og miljødepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane.

Evalueringa av pilotfasen har vist at endringar i kriteria som låg til grunn for plantinga vil gi rom for å ivarta naturmangfaldet bedtre samstundes som plantinga gir god klimaeffekt og grunnlag for framtidig næring for skogeigar.