Økologisk matkurs for barnehagar og sfo i Haugesund og Stavanger

Med dette kurset vil vi gi konkrete innspel til korleis de kan jobbe med økologisk mat i barnehagen eller på sfo. Kurset vil gi idear og tips til alt frå innkjøp og menyar til praktisk matlaging.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.05.2014

Når du har teke valet, er det slett ikkje så vanskeleg å få det til! Målgruppa er tilsette i barnehagen og sfo som er involvert i matlaginga og/eller tek avgjerder om maten. Kurset er meint for dei som ikkje har begynt med økologiske produkt eller bruker berre få produkt frå før, og som vil satse meir på dette framover.

onsdag 28. mai kl. 9:30-15:15 i Haugesund, Karmsund vgs   eller
tysdag  17. juni  kl. 9:30-15:15 i Stavanger, Solvang barnehage

Program  
09.30     Velkomen
09.40     Korleis kome i gong med økologisk mat og korleis auke delen av økologisk mat

  • Gjennomgang av menyar: kva kan skiftast ut? Kva er lurt å begynne med?
  • Innkjøp og innkjøpsavtaler. Kor får du tak i økologiske produkt?
  • Fasilitetar i din barnehage/sfo (lager, frys, steikeomn)
  • Tips for oppskrifter
  • Handlingsplan/ målsetjingar for barnehagen din
  • Korleis dokumentere delen av økologisk mat
  • Frå praksisen i Solvang barnehage (på kurset i Stavanger)

11.45     Lunsj
12.30     Praktiske tips og demonstrasjon av matlaging med Margit Vea
              Brød utan elting, grøtvariantar, populær fiskerett med meir.
              Vi får smake på maten.
15:00     Oppsummering og vegen vidare
15.15     Avslutning


Før kurset
Ta med kosthaldsplan om de har og ei oversikt over menyen i ei vanleg veke. Gjer deg kjend med kor de handlar maten og kva økologiske produkt finnest. Gjer deg også kjend med om de har mat som ei særskild satsing i barnehagen/sfo, og kva det inneber.

Kursstad
28. mai: Karmsund vidaregåande skule, Salhusveien 68, 5529 Haugesund.
              Metodekjøkken i 2.etasje.
17. juni: Solvang barnehage, Møllegata 66, 4008 Stavanger

Kurshaldarar
Annabell Pfluger - tilsett hos Fylkesmannen, jobbar med økologisk mat og landbruk og er rettleiar for bruk av økologisk mat i storkjøkken
Gabriele Brennhaugen - prosjektleiar for Grøn Ø-prosjektet i Stavanger kommune og har jobba mykje med økologisk mat i barnehagar, skular og kantiner
Margit Vea - utdanna faglærar i ernæring, helse- og miljøfag, forfattar av kokebøker, ho held kurs og foredrag om mat og er oppteken av at ungane får vekse opp med ekte mat laga av reine råvarer og kjenne matgleda.

Etter kurset
Vi kan tilby rettleiing til dei barnehagane som ønskjer det. Vi føresett at barnehagen har eit mål om å oppnå 15 % økologisk matforbruk som er i tråd med krava for Debio sitt bronsemerke og Miljøfyrtårn. Vi kan tilby alt frå foredrag og innlegg på personal- og temamøte til praktisk matlaging i barnehagen.

Påmelding
Det blir venta at deltakarane har eit ønske om å ta i bruk eller auke økologisk mat og vil forankre det i barnehagen/sfo-en sine planar. Avgrensa tal plassar.
Påmelding til Annabell Pfluger på e-post fmroapf@fylkesmannen.no eller
telefon 5156 8971
innan 23. mai for kurset i Haugesund og innan 11. juni for kurset i Stavanger. Inga kursavgift!  

Arrangør: Fylkesmannen i Rogaland i samarbeid med Grønn Ø prosjektet i Stavanger kommune og ØQ-prosjektet i Oslo og Akershus og Østfold. (www.øq.no) .

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.