Nordmenn vil ha meir økologisk mat, men må i stor grad nøye seg med import

Nordmenn kjøper lite økologisk mat samanlikna med mange andre europeiske land. Men ingen andre stader er veksten i forbruk like stor. Trass etterspurnaden går arealet brukt til å dyrke økologisk mat ned i Noreg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.12.2016

Frå 2010 til 2015 har salet av økologisk mat auka med over 14 prosent i Noreg. Det er to til tre gonger så mykje som i dei fleste andre land. Matsalet generelt veks berre med rundt fire prosent årleg i Noreg.

Prognosen for økologisk matsal ser lys ut. Trendforskarar har rekna ut at salsveksten av økologisk mat i Noreg vil ligge på om lag 10 prosent i året frå 2015 til 2020. Barnemat, egg, grønsaker og frukt vil være nokre produkt som vi kjem til å ete meir økologisk av.

Men så kjem altså paradokset: Utviklinga i tal bønder med økologisk produksjon i Rogaland og Noreg har vore negativ i seinare tid. Det gjeld også for areal som er godkjent for økologisk drift. Norske forbrukarar etterspør meir økologisk mat medan den norske produksjonen går ned. Det blir allereie importert mykje økologisk mat. For å dekke behovet i marknaden vil importen auke. Skal vi slå oss til ro med det?

Eurostat kom nyleg med ein rapport om utviklinga av økologisk landbruk i EU. Denne viser at i perioden 2010-2015 auka det økologiske arealet i EU med 21 prosent,  medan Norge har hatt ein reduksjon på om lag 17 prosent.

Le meir om sal av økologisk mat i studie laga av nederlandske Rabobank.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.