Handlingsplanen for økologisk landbruk = Bygdeutvikling = sant

Åpen øko gard på Krossvoll gard med Åslaug Aarsland Grude 2012
Åpen øko gard på Krossvoll gard med Åslaug Aarsland Grude 2012

Midlar frå handlingsplanen for økologisk landbruk blir innlemma i bygdeutviklingsmidlane.

Frå 2014 blir Handlingsplan for økologisk landbruk i Rogaland lagt ned som eige verkemiddel. Til prosjekt innan økologisk landbruk kan det søkjast bygdeutviklingmidlar (BU-midlar) frå Fylkesmannen. Som før er det mogleg å søkje om midlar til prosjekt i heile verdikjeda frå jord til bord.

Økologisk landbruk er forankra i Regionalplan landbruk og Handlingsprogram næring i Rogaland. Handlingsprogram næring er under revisjon. Strategiane og delmåla for økologisk landbruk i Handlingsprogram næring vil bli publisert når det reviderte Handlingsprogrammet er vedteke.

Det er ønskeleg med gode prosjekt innan økologisk landbruk og mat. Vi oppmodar alle dei som ville søkt midlar frå handlingsplanen om å søkje BU-midler fra Fylkesmannen. Søknadane blir handsama fortløpande (det er ingen søknadsfrist) av Eli Munkeby Serigstad eller Aart van Zanten Magnussen (i permisjon til 1.april).

For prosjektutvikling og fagleg bistand kan du ta kontakt med Annabell Pfluger på 5156 8971 eller fmroapf@fylkesmannen.no