”Akselererande etterspurnad” etter økologisk mat

Dette varslar Oikos på nettsida etter at SLF kom med nye salstal over økologiske produkt. Omsetnad av økologiske produkt auka med 15,7 prosent frå 2012 til 2013, og ligg no på 1,65 milliardar kroner.

Frå 2012 har salet av økologiske produkt i daglegvarehandelen auka med heile 16 prosten. Omsetnad gjennom andre kanalar enn dagligvarehandelen som storhushald, Bondens marknad, spesialbutikkar og bakeri auka med over 14 prosent i same periode, og utgjør nå en fjerdedel av totalomsetnad av økologiske produkt. Innanfor alternative salskanalar auka mest omsetnad til storhushald med 22,4 prosent.

Produktkategori frukt, bær og nøtter har den største salsveksten, med heile 47,5 prosent. Grønsaker og poteter auka med 28 prosent frå i fjor. Mjølk er den største produktkategorien og fjoråret ga en betydelig vekst. Barnemat har med rund 30 prosent størst del av økologisk omsetnad følgt av egg med rund 6 prosent av totale eggsal.

Økologisk areal i Noreg har derimot gått tilbake med 6,4 prosent og ligg nå på 5,3 prosent (inklusiv areal under omlegging) av jordbruksarealet. Import utgjer ein betydelig del av den totale omsetninga av økologiske produkt og kraftfôr.

I Norden er det Sverige som har størst økologisk areal som utgjer ca 16 prosent av jordbruksarealet. Svenskane har handla økologisk mat for 6,8 mrd kroner. Målt per innbyggar handlar danskane mest økologisk. I EU er 5,5 prosent av jordbruksarealet økologisk. Best i klassen er Austerrike med rundt 19 prosent økologisk areal av jordbruksarealet.

Kontaktpersoner