Vellukka årsmøte i 4H Rogaland

Frå v. Mari Aksdal Hermansen, Iris Merete Natten Frydenlund, Rune Bråthen, Sigfrid Skogland Kristjansdottir og Helle Skretting. I tillegg til denne gjengen er Jeanette Øyen, Jørgen Tuen og Janne Fagerland Sjursen tillitsvalde i 4H Rogaland sitt fylkesstyre.
Frå v. Mari Aksdal Hermansen, Iris Merete Natten Frydenlund, Rune Bråthen, Sigfrid Skogland Kristjansdottir og Helle Skretting. I tillegg til denne gjengen er Jeanette Øyen, Jørgen Tuen og Janne Fagerland Sjursen tillitsvalde i 4H Rogaland sitt fylkesstyre.

Sist helg var det årsmøte i 4H Rogaland der nærare 200 engasjerte ungdomar deltok. Styreleiar Mari Aksdal Hermansen blei gjenvald for ein ny 2års periode. Rogaland 4H har til saman 1300 medlem og 36 lokallag, og det er 4H-klubbar i nesten alle kommunar.  Nokon er små, medan andre er blant dei største i landet. Den gjenvalde styreleiaren på 21 år kjem frå Sola kommune og Skjalg 4H, der ho har vore aktiv sidan barndomen.  

4H – ein av verdas største ungdomsorganisasjonar

4H er ein av verdas største ungdomsorganisasjonar, og det er 4H klubbar i over 80 land. 4H Norge http://www.4h.no/ har rundt 650 aktive klubbar med meir enn 17.000,- medlem. I Rogaland 4H http://www.4h.no/Rogaland/ er det 36 klubbar med tilsaman 1300 medlem.  

4H blei  starta i USA i 1902 for å lære ungdom om landbruk og matproduksjon, og for å hindre fråflytting inn til byane. Organisasjonen har fortsett nær tilknyting til landbruket, men har i dag eit breiare føremål. «4H skal utvikla ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet deira er «Å læra ved å gjera». I 4H-løftet heiter det: «Me lovar å arbeida mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse.», herav dei 4 H-ane.

4H – ein god læringsarena

Kvart år gjennomfører 4H-medlemene eit prosjekt, anten åleine eller saman med andre i 4H-klubben. Dei vel sjølve tema for prosjektet. Prosjekta er delt inn i programområda: natur, kultur, samfunn og helse. Oppgåver innan natur- og miljø samt dyrehald er populære. Rettleiing får ungdommane av klubbrådgjevarane eller eigne prosjektmedarbeidarar.

Eit 4H-medlem lærer også mykje om organisasjonsarbeid. Organisasjonen er medlemsstyrt, dvs. at det er medlemene sjølve som bestemmer kva dei vil utforska og tileigna seg kunnskap om. Klubben gjennomfører kvart år eit årsmøte der årsplanar og budsjett blir vedteke på demokratisk vis, og styret blir valt. Kurs i leiaropplæring, organisasjonsarbeid og ulike emne i tilknyting til 4H-prosjekta blir gitt av fylkesledda.

Kvart år får alle 4H-medlemmene tilbod om å vera med på leir. Det er aspirantleir for dei yngste og fylkesleir, landsleir eller nordisk leir for dei eldste.

Dette året skal 4H Rogaland arrangere storkurs på Klepp, fylkesleir i Dirdal og tur til landsleir i Bodø. Dei har også planar om oppstart av ny klubb på Storhaug i Stavanger.

4H-gard og Inn på tunet

Ein 4H-gard er ein gard/gardsanlegg/seter som tar imot barn, ungdom og vaksne til pedagogisk tilrettelagte besøk. 4H-gardane er med i nettverket 4H-gard Norge som igjen er med i det europeiske nettverket EFCF (European Federation of City Farms). I Rogaland er det ein 4H-gard – Kviagarden på  Vitensenteret på Nærbø. 

I Rogaland har vi også fleire såkalla Inn på tunet gardar, der mange har tilbod til barn og unge. 

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, og er difor «i nær slekt» med 4H-gardane både i føremål og innhald. 4H sitt opplegg med gardsferie tilbake til midten av nitttalet var faktisk forløparen til det som blei kalla for «grøn omsorg», og seinare erstatta av merkevarenamnet Inn på tunet.

Kontaktpersoner