Morellar i tunnel på Nedre Valheim Gard i Årdal

Nedre Valheim Gard ønsker at fruktdyrking skal vere ein av berebjelkane på garden. Øystein Valheim og Margrethe Støle planta 10 da med morellar i tunnel i fjor haust. Først til neste år vil forbrukaren få smake desse smakfulle morellane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.05.2020

Nedre Valheim Gard har 7 tunnelar der morelltrea er planta. Morellane er av sortane Van, Lapins og Sweetheart som vert modne frå midten av juli til midten av august. I år er det første året Nedre Valheim Gard vil få frukt på trea sine, og ekspertane seier at dei må ta av det meste av frukta slik at trea veks seg sterke. Erfaringar viser at trea allereie første året kan gje ei avling på 600 kg pr dekar. Neste år vert det første året dei kan levere frukt til forbrukar, og då kan avlinga vere så stor som 1500 kg pr dekar.

Snart står trea i full blomst. (Foto: Nedre Valheim Gard)

Må sikre seg mot naturkreftene

Søraustvinden kan vere sterk på Valheim i Årdal og tunnelane er plassert slik at vinden kan blåse tvers igjennom. Einskilde stader i Hjelmeland har vinden i vår herja så mykje at plasten er riven av og røyra bør støypast fast i bakken for å unngå liknande skader. På Nedre Valheim Gard har ikkje skadane vore så store, men dei vil også vurdere nedstøyping av einskilde røyr.

Innovasjon Norge har gode støtteordningar for dei som vil starte med fruktdyrking eller tilleggsnæringar:

Tilskot til tradisjonelt landbruk

Tilskot til tilleggsnæring

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.