MATSMIÅ – Fagdagar for lokal mat og drikke

Ivrige deltakarar på kurset om kjøtforedling på Matsmiå 2019.
Ivrige deltakarar på kurset om kjøtforedling på Matsmiå 2019. (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

Kjendiskokken Kjartan Skjelde og fleire andre kokkar vil inspirere og lære frå seg om foredling og bruk av norske råvarer. Matsmiå går av stabelen på Jåttå vgs 18.– 19. mars, og nå er programmet klart. Meld deg på!

Bli inspirert:

  • Kvalitet og identitet, viktig for gode kundeopplevingar v/Kjartan Skjelde
  • Frå tyttebærlyngen til Maschmanns matmarknad på Skøyen v/Gunnar Sagstuen, Røyland gård
  • Korleis få kunden til å velje mitt produkt? v/Ken Bakke, Playdesign

Lær noko nytt:

  • Sjokolade og konfekt – det lille ekstra! v/Hege Andersen – trenar for konditorlandslaget/Vaaland dampbakeri og conditori AS
  • Frukt og grønt på glass og krukke v/Gunnar Sagstuen – Røyland gård, May-Tone Johnsen – Eimealt og Stian Iversen, Nofima
  • Pålegg og posteiar v/Tom Johannessen, Nofima
  • Velkomen inn i den norske sideren si verd v/Eivind Vangdal og Terje Jonsbråten
  • Smaksverkstad – selskapsmat, stress eller full kontroll? v/Frode Selvaag, Ryfylkekokken AS

 

Her finn du meir informasjon om program og påmelding.