Lokalprodusert sirup til Grüne Woche

Då Osckar Lie og Sigrud Marud Lauridsen overtok Lie gård for 5 år sidan, var det lite som tyda på at produkta frå denne garden skulle reise til verdas største matmesse i Berlin.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.01.2020

Familiegarden til Oskar har mykje utmark, bratte bakkar og granskog, og ligg på Hinderavåg i Nedstrand. Eit av dei første produkta Oskar og Sigrid sette i gang med var granskogsirup. Paret nyttar ville vekstar og eple frå gamle frukttrær, både på eigen gard og rundt omkring i Nedstrand etter avtale med eigarane. Produkta har blitt fleire og brukast no av kokkar i både aust og vest. I fjor tok paret i bruk nye produksjonslokale.

Representantar for Fjordregionen

Oskar og Sigrid er del av ein delegasjon som representerer Fjordregionen på den norske standen på Grüne Woche. Totalt er det 20 verksemder, lokalmatprodusentar og serveringsstadar, frå heile Vestlandet som er utvalgd til å delta. Oskar og Sigrid gler seg til å bli kjend med dei andre deltakarane og vise fram lokalmaten frå Fjordregionen til tyskerne.

På standen vil det bli lagd delikate smaksprøver og småretter av dei beste råvarane frå heile Vestlandet. – På messa sel vi ikkje smaksprøvar, vi sel eit lite stykke Noreg, pleier næringsutviklar hjå Fylkesmannen, Annabell Pfluger å seie. – Her treff vi på mange som vil reise til Noreg. Gjennom maten og dialog med matprodusentar og reiselivsbedrifter inviterer vi publikum til å oppleve Fjordregionen i Berlin.

Utenom Lie gård deltar Jan Haslemo, Nyyyt, Energihotellet og Vitengarden frå Rogaland.

Her finn du meir informasjon om alle deltakande verksemder på Fjordnorge sin stand.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Grüne Woche

  • Utstilling for mat, landbruk- og hageprodukt.
  • Rundt 1 800 utstillarar.
  • I 2019 var 61 land representerte og 400.000 besøkande.
  • Målet med Noregs deltaking er å bidra til å utvikla Noreg som anerkjent mat- og reiselivnasjon med tydeleg regional identitet.
    Deltaking er eit tett samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og dei regionale prosjektleiarane.