Frivillig sal av mjølkekvote til staten opnar 2. januar

Mjølkekyr på beite på Jæren
Mjølkekyr på beite på Jæren (Foto: Arne J. Lyshol / Fylkesmannen i Rogaland)

Noreg må avvikle eksportsubsidiane innan 2021. For å forhindre overproduksjon av kumjølk i Noreg, blir kvoteeigarar inviterte til å selje mjølkekvoter til staten.

Oppkjøpsordninga startar 2. januar og held fram til 31. mars 2020. Ordninga er todelt;

a) Kvoteeigarane inviterast til å først melde si interesse for å selje til staten

b) Deretter sende sjølve søknaden om sal av grunnkvote. 

Partane i jordbruksoppgjeret blei i oktober 2019 einige om å gjennomføre ei oppkjøpsordning med sikte på å kjøpe ut 40 mill. liter mjølkekvote.

Les meir på Landbruksdirektoratet sine heimesider om oppkjøpsordninga.