Fagdag "Stolt bonde med tru på framtida"

Måndag er det duka for ein fagdag utanom det vanlege i Tysværtunet på Haugalandet. I sentrum står omstilling, berekraft, innovasjon og teknologi i landbruket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.01.2020

Lokalpolitikerne i Vindafjord og Tysvær kommuner har satt landbruket på dagsorden. Kommunane gjennomfører ein fagdag for landbruket og skogbruket 27. januar 2020. Målet er å stimulere, motivere, engasjere og mobilisere landbruket på Haugalandet til å satse på ei berekraftig og klimatilpassa framtid.

Spanande innleiarar

Statsråd Olaug Bollestad og bondelagsleiarane Lars Petter Bartnes og Kjersti Hoff skal halde innlegg etterfulgt av mange andre spennande innleiarar.

Målgruppa er bønder på Haugalandet. Tema for fagdagen er klimasmart landbruk, smart lokalmat, ung bonde, teknologi, og forskning og utvikling.

Ros til kommunane for godt initiativ

Tysvær og Vindafjord kommunar skal ha ros for arbeidet dei har set i gang for å stimulere landbruksnæringa til meir innovasjon i samband med det grøne skiftet. Fagdagen er eit viktig tiltak for å gi bøndene motivasjon til og kunnskap om behovet for omstilling og fornying. Omstillingsbehovet er særleg tydeleg i mjølkesektoren, men òg innan fornybar energi, ny teknologi, datafangst, avlingsmengde og bruk av lokale ressursar ser vi behov.

Fylkesmannen i Rogaland har støtta fagdagen med kr 40 000.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.