EGG - ei unik ernæringskjelde

Kroppen vår er avhengige av viktige byggeklossar som protein, vitamin og mineral. Egg er proppfull av slike godsaker, og har mange bruksområde. Kokt egg, stekt egg, eggedosis, til baking og matlaging og til påskepynt!

Kvar og ein av oss spis i gjennomsnitt 210 egg i året, eller 13,6 kilo egg per innbyggar. I Norden er det berre danskane som et meir egg enn oss.

Ikkje nok med det, så er vi galne etter fjørfekjøt og. På tredve år har vi auka inntaket av fjørfekjøt med 400 prosent, frå fem kilo per innbyggjar i 1989 til nitten kilo i 2018. Her må vi sjå oss grundig slått av islenderne som ligg på tredve kilo fjørfekjøt per år.

Matberedskap

Rogaland har ein vesentleg rolle i å sikre nok mat til innbyggjarane i Noreg.

  • Kvart tredje egg og tredje kylling kjem frå gardar i fylket vårt
  • Alle verpehønene er født i Time kommune

Norske råvarer har høg kvalitet

Under Fjørfedagane i Stavanger i starten på mars la Norsk Fjørfelag og Agri Analyse fram ein rapport om ståa i næringa «Fjørfenæringen i Norge – husdyrholdets vekstnæring».

Hensikten med rapporten var å sette fokus på alt det positive som næringa bidrar med og alt det gode som skjer i næringa, både på gardane og i foredlingsindustrien. Målet var å synleggjere produksjonsomfang, økonomisk betydning, og dei gode tiltaka som bøndene gjere for å auke dyrevelferda og dyrehelsa, og redusere klima- og miljøbelastninga.

- Norske egg og norsk fjørfekjøt blir produsert på småe gardar i forhold til mange andre land i Europa og verda elles. Her er det bonden sjølv som steller i fjøsa, vi har god dyrehelse og svært lågt forbruk av antibiotika, seier Tone Steinsland, rugerieigar og nestleiar i Norsk Fjørfelag.

Positive tiltak

Noreg har som det fyrste landet i verda fasa ut bruken av narasin i kraftfôret til slaktekylling. Fjørfenæringa har sjølv innført dyrevelferdsprogram for kylling i 2013, kalkun i 2015 og verpehøns i 2020, som alle fjørfeprodusentar er med på. Konkret handlar dette til dømes om bruk av miljøberiking til (gjeld alle inkl. høner og kalkun no) som strø, kvistar og «klatrestativ», og lysinnslepp (gjeld ikkje alle, men nokre).

Med vilje til å produsere

Fjørfebøndene i Rogaland er gode, dei produserer jamt og trutt, investerar tungt og tilpassar seg nye forbrukartrendar som til dømes egg av frittgåande høns. Mange eggprodusentar investerte mykje i nye innreiingar og la om til miljøbur i 2012. Frå 2016 og ut gjennom har dei måtta investert på ny. Det tar naturleg nok på motivasjonen til å drive med egg. Nokre bønder har gitt seg av ulike grunnar, men overraskande mange krummar nakken og gyv laus på ny innreiingstype. Det står det respekt av.

Omlegging til grønare energikjelder

Nye fjørfehus har vassboren varmeanlegg med bruk av flisfyring og varmegjenvinning. Av fjørfekjøtprodusentane som svarte på undersøkinga, svarte 32 prosent at dei hadde biobrenselanlegg, og 59 prosent hadde propan/naturgass. Innovasjon Norge har gode tilskotsordningar for omlegging til meir berekraftige energikjelder.

Verdiskaping

På landsplan er det kyllingkjøt som har størst salsverdi med rundt 1,8 milliardar kroner. Egg følger etter med 1,36 milliardar kroner, og kalkunkjøt med 189 millionar kroner. Omrekna til salsverdi for Rogaland blir dette om lag 1 milliard kroner.

Verdiskapingsrapporten for Landbruket i Rogaland som kom i 2019 viser at fjørfenæringa i Rogaland bidrar med 265 millionar kroner i brutto verdiskaping, det vil seie 9 prosent av den totale verdiskapinga på bondeleddet. Av produksjonane var det egg og fjørfekjøt som har høgaste verdiskaping per årsverk med kr 1 009 000.

Fjørfe fun facts

  • Om lag ti prosent av eggproduksjonen blir seld direkte frå produsent.
  • 90 prosent av slaktekyllingprodusentane held til i fire fylker: Rogaland, Trøndelag, Østfold og Hedmark. Det er i desse fylka vi finn dei fire store fjørfeslakteria i Noreg.
  • To fylker, Rogaland og Trøndelag, skil seg ut som dei store eggfylka med til saman 50 prosent av produsentane i Noreg.
  • Blant dei ti største kommunane i Noreg målt etter tal bruk med verpehøner i 2018, finn vi Klepp, Finnøy, Tysvær, Hå og Time.
  • Nye Stavanger er størst i landet målt i tal bruk med verpehøner i 2020
  • Rogaland har særleg mange produsentar over 200 000 slaktekyllingar, noko som tydar på stor nybygging sidan auke av konsesjonsgrensa i 2015.
  • Det har vore ein kraftig auke i både tal økologiske verpehøner og kyllingar dei siste åra. Produksjonen av økologiske egg som blei omsett gjennom pakkeri i 2018, utgjorde 7,4 prosent av den totale produksjonen av egg.