To eplemostar frå Rogaland til topps i kvar sin konkurranse!

Musserande eplemost vann pris under Det Norske Måltidet. (Foto: Grønvik)
Musserande eplemost vann pris under Det Norske Måltidet. (Foto: Grønvik)

Grønvik gard sin musserande eplemost av Karin Schneider kom på første plass på Det Norske Måltidet i kategorien «Årets det grønne – foredlet». Eplefryd sin eplemost ble kåret til årets beste eplemost av Norsk Eplefest.

På diplomen til Grønvik Gard kan vi lese at «årets vinner er en kompromissløs leverandør av kvalitet, og produktet lukter konsentrert, komplekst og friskt. Smaken er mild og fruktig, og har god balanse mellom syrlighet og sødme.» Ein stolt Elisabeth Grønvik tok i mot prisen under festgallaen i Stavanger sist fredag. «Vi gratulerer Grønvik Gard med første plassen og gler oss til å presentere dette flotte produkt på Grüne Woche», seier Annabell Pfluger hos Fylkesmannen. Grønvik Gard er ein av fem representantar for Fjord Noreg på den Norske Paviljongen på Grüne Woche i Berlin, verdas største matmesse.

Det er ikkje første gang Elisabeth Grønvik tek imot ein pris for eplemost. I 2017 vann hun i same kategorien med eplemost Summered. Det ligg mange års utvikling og arbeid bak suksessen frå Grønvik gard.

Eplefryd sin eplemost ble årets vinner av konkurransen «Beste eplemost og sider» i kategorien blandingsmost under Norsk eplefest. Eplefryd haustar overskotseple som elles ikkje ville blitt plukka, og gir arbeid til personar med nedsett arbeidsevne. «Eplefryd – plukket med kjærlighet»