Rogaland har fått sitt eige matmanifest

I dag har Fylkesmannen signert Matmanifest for Rogaland i samband med opning av Gladmat 2017, saman med ei rekke andre med aktørar i matbransjen. Matmanifestet skal oppmuntre bedrifter og folk til å bruke og framheve lokale matopplevingar, råvarer og produkt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.07.2017

Rogaland er ein stor og viktig matregion med eit mangfald av produsentar innan mat og drikke. Vårt matmanifest erkjenner verdien av lokal matproduksjon og norske råvarer.

Stoltheit og motivasjon

Matmanifestet skal gi eit løft for å styrke og vidareutvikle matproduksjon og matkultur frå regionen vår. Vi vil med dette skape stoltheit, medvit og motivasjon for avgjersler, strategiar og handlingar. Slik skal det og bidra til merksemd i og for regionen, spesielt mot sluttbrukarar.

Matkultur og måltidsglede

Vi ønsker å fremme sunt kosthald basert på lokale råvarer, bidra til god matkultur og måltidsglede. Vi vil skape forståing for kor maten kjem frå og korleis mat blir produsert. Naturmangfald i regionen, med vind, hav, jord og landskap skal vi verdsette høgt. Koplinga lokalmat og reiseliv er blitt eit viktig konsept, og har eit stort potensiale til vekst.

Maten er ein viktig del av vår kulturarv som vi må ta vare på.

Vi viser også til Rogaland fylkeskommune sitt nettoppslag.

Fylkesmannen sitt signerte Matmanifest for Rogaland finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.