Nordisk Inn på tunet-samling i Kristiansand

Korleis kan kontakt med planter, dyr og naturopplevingar gje betre livskvalitet for ulike brukargrupper? Det er hovudtemaet på Inn på tunet-konferanse i Kristiansand 31. oktober - 1. november. Konferansen blir samkøyrt med Nordisk forskarsamling innan «Green care and nature based interventions» og finn stad på Scandic Sørlandet Hotell Kristiansand.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.09.2017

Dag 1 vil i hovudsak ta opp fråfallsproblematikk og aktuelle tiltak for barn og unge.

Dag 2 vil handle mest om tiltak for eldre og personar med demens.

Det er mogleg å delta berre ein av dagane. Nærare program finn du her

Målgrupper:

  • leiarar og tilsette i helse-, sosial-, NAV- og utdanningssektoren
  • tilbydarar av velferdstenester frå landbruket
  • aktuelle kompetansemiljø og brukarorganisasjonar
  • politikarar, pårørande og andre interesserte

Påmelding innan 25. oktober via heimesida til Universitetet i Agder (men så snart som mogleg dersom du treng hotellovernatting).

Arrangør:
Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, Fylkesmannen i Rogaland, Universitetet i Agder og Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Meir om Inn på tunet hos Fylkesmannen i Rogaland.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.