Jærsk ost i verdsklasse

Bo Jensen er ein dedikert og fullkomen ystar, og det beviste han til det fulle ved at osten "Lille Aske" fekk tildelt utmerkinga Super gull under oste-VM i London i helga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.11.2017

Over 3000 ostar var med i konkurransen, World Cheese awards, som blei arrangert av den britiske stiftelsen The Guild of Fine Food. 66 ostar fekk utmerkinga Super gull og blei dermed kvalifiserte til finalen. "Lille Aske" var den einaste av dei 40 ostane frå Noreg som kom til finalen.

- Det kan ikkje bli betre. Dette er unikt, seier ein opprømt Bo Jensen på telefon mellom intervju i media.

Særs gode råvarer

Bo Jensen får ikkje fullrost geitemjølka til Astrid og Njål Sikveland: - den er verdas beste!

Han lagar fleire typar ost av geitemjølk produsert på garden til Astrid og Njål Sikveland på Aurenes i Undheim. "Lille Aske" er ein handlaga, liten ost laga av rå (upasteurisert) geitemelk. Osten er dekka med eit lag aske med ein krittkvit kjerne. Smaken er lett syrleg og har masse mjølkesmak. Teksturen er lett kremaktig og mjuk. Osten blei kåra til årets ost i konkurransen «Det norske måltid 2016».

- Vi skal vere skikkeleg stolte over gode råvarer frå Rogaland, seier den danskjærske ystaren Bo Jensen.

Han har i fleire år brukt ystar Hans Voll frå Voll Ysteri som mentor og sparringspartnar. Kvalitet i alle ledd har vore essensen i deira arbeid.

Verdas beste ost 2017 blei Cornish Kern fra Storbritannia. Neste år er det Bergen som skal vere arrangør av oste-VM. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.