7,34 millionar til SMIL-tiltak i 2019

Gjerdeklyvarar i jordbrukslandskapet er ofte finansiert med SMIL- midlar
Gjerdeklyvarar i jordbrukslandskapet er ofte finansiert med SMIL- midlar (Foto: Kristin Hesby)

I 2019 løyvde kommunane i Rogaland 7,34 millionar til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) til totalt 119 søknadar.

Formålet med SMIL er å fremme natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, og redusere forureining frå jordbruket. Midlane kan gå til landbrukseigedomar der areala er i vanleg jordbruksproduksjon. Fylkesmannen fordeler midlane mellom kommunane, og kommunane prioriterer og behandlar søknadar i tråd med kommunen sin SMIL-strategi.   

Diagram som viser fordeling av SMIL-midlar etter miljøtema i 2019

Diagram som viser fordeling av SMIL-midlar etter miljøtema i 2019 (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

26 prosent  tiltak mot forureining  

Målet i Rogaland i 2019 var på 35 prosent til ureiningstiltak. Kommunane med mykje husdyr på Jæren og Haugalandet har avrenning til vassdrag frå landbruket. 34,5 prosent av deira samla SMIL-løyvingar gjekk til ureiningstiltak. Døme på vanlege tiltak var erosjonssikring langs vassdrag, etablering og vedlikehald av fangdammar,- og hydrotekniske tiltak. Ryfylke og Dalane har god vasstilstand og her blei SMIL nytta til andre tiltak.

Arbeidet med å hindre avrenning frå veksthus i Rogaland (Stavanger, Klepp og Sola) haldt fram i 2019. Tiltaka i veksthus er særs kostbare. Fleire av dei mindre veksthusa har trass SMIL og ev. tilskot frå Innovasjon Norge, ikkje økonomiske ressursar til så dyre investeringar. 

Biologisk mangfald og kulturlandskap 

Restaurering av kystlynghei er prioritert i heile Rogaland. 27 prosent av dei samla løyvingane til biologisk mangfald var til kystlynghei. Eldsjelar i nord- og sør-Rogaland organiserer og bidrar med kunnskap og breitt engasjement for å ivareta kystlynghei over heile fylket.

Kulturminne

Kulturminne har låg SMIL-prioritet i Rogaland. Utvendig restaurering av gamle bygningar er dyrt. Trass i låg sats i SMIL-strategiar og færre søkjarar kan løyvingane difor bli høge. Ivaretaking av gamle bygningar i i Lysefjorden og i Suldal utgjorde ein betydelig del av løyvingane i 2019. Nedgangen i løyvingar til steingardar er i tråd med prioriteringane i Rogaland.

Friluftsliv 

SMIL-løyvingar til etablering, vedlikehald av turstiar, oppsett av gjerdeklyvarar og utsiktsrydding er eit viktig samfunnstiltak. Frå 2020 er det kommunane som handsamer søknadar på gjerdeklyvarar.

Tiltak for å redusere ureining til luft

Rogaland hadde berre 4 søkjarar på SMIL-midlar til dekke over utvendige gjødsellager i 2019. På dette viset kunne meir SMIL-midlar kanaliserast til ureiningstiltak. IN rapporterer at dei hadde berre ein søknad på dekke over gjødsellager.

I 2020 er framleis målet at minst 35 prosent av SMIL-midlane skal gå til ureiningstiltak. Kommunar som prioriterer løyvingar til tiltak for å ivareta biologisk mangfald som til dømes kystlynghei, er òg prioritert for ekstra tildeling av SMIL-midlar frå Fylkesmannen i 2020.