Frist for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel er utsett frå 10. til 20. august 2018

Fristen gjeld jordbruksføretak som søkjer tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing gjennom Regionalt miljøprogram i Rogaland.

Å køyre ut husdyrgjødsel på ein knusktørr teig er ikkje å anbefale, sjølv med slangenedlegging. Trass i dagens overskya vêr, ser det ut til å bli lite nedbør i Rogaland fram til dei første dagane i august. Fylkesmannen finn det difor rett å utsette fristen slik at gjødslinga kan skje under meir laglege forhold.

Kontaktpersoner

Dokumenter