Utsett frist for etablering av vipe-striper i Regionalt miljøprogram

Å la eit jordarbeidd areal ligge urørt om våren er eit tiltak for vipa  bøndene kan få regionalt miljøtilskot til.
Å la eit jordarbeidd areal ligge urørt om våren er eit tiltak for vipa bøndene kan få regionalt miljøtilskot til. (Foto: Erik Steen Larsen / Fylkesmannen i Rogaland)

Ny frist for tilrettelegging av vipestriper er 25. mars. Dei som får problem med 25. mars kan ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen og få fristen utsett til 1. april. Vipa er i gang med hekkinga, så vi ønskjer tidlegast mogleg jordarbeiding.

Samstundes er vi klare over at det mange stader er svært bløytt, og det er årsaka til at fristen blir utsett. Pløgd jord bør harvast eller slettast på anna vis. Vipa liker å ha det oversiktleg og flatt.

Gjeld bønder som er med på "vipe-striper" i Regionalt miljøprogram

Vipestripene er eit frivillig tiltak som gir rett til regionalt miljøtilskot. Bøndene søker tilskot i etterkant, og siste søknadsfrist er 15. oktober. I overkant av 50 bønder har meldt interesse for å vere med på "vipe-stripene" i år.