Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2019

I 2019 er det 40,1 millionar kroner til regionale miljøtilskot i Rogaland. Frå 1. august kan bøndene i fylket søke tilskot til mellom anna skjøtsel av kystlynghei, turstiar i jordbruksområde og miljøvenleg gjødselspreiing.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.06.2019

Regionalt miljøprogram i Rogaland 2019-2022 definerer kva slags tilskotsordningar som gjeld i Rogaland. 

Her finn søkarane oversikt over tilskotsordningar og rettleiing til søknad om regionalt miljøtilskot i Rogaland i 2019.

Det er kommunane som behandlar søknadar om tilskot, og frist for å søke er 15. oktober.

Regionalt miljøprogram blei nyleg revidert, og samanlikna med 2018 er det fleire endringar. Oversikt over dei viktigaste endringane finn de i rettleiingsheftet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.