Over 50 bønder vil legge til rette for vipa

I haust melde over 50 bønder seg interesserte i å ha ei «vipe-stripe» på sitt areal i 2020. Rogaland sin fylkesfugl er raudlista som sterkt trua, og bøndene sit med nokre av dei viktigaste nøklane for å gi vipa ein trygg hekkesesong.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.03.2020

Svart jord er eit trekkplaster for vipene. Her er det opent og oversiktleg slik at ho kan oppdage og samarbeide om å jage bort fiendar, her kan ho legge egg og her finn ho mat. Å sette av eit jordarbeidd område om våren til vipa kan vere eit godt tiltak for å få fleire vipeungar på vingane.

Storskala uttesting av vipe-striper

I 2019 blei det for første gang etablert ei eigen ordning for vipa i Regionalt miljøprogram i Rogaland. I år er den utvida til heile fylket. Bøndene må melde interesse til landbrukskontoret om hausten, og sette av eit område på minimum 2 dekar på våren. Området må deretter vere i fred fram til 1. juni. Frå ein forsiktig start i Time kommune, har vi no over 50 bønder frå Hå til Vindafjord som vil teste tiltaket. Vi er godt fornøgd med interessa, og med å ha ny medarbeidar Margit Reiersen til å følgje opp alle tiltaka. Vipa er ein fugl som engasjerer folk i Rogaland. Vi anbefaler å lese Ernst Arne Sælevik sitt innlegg som gir eit godt innblikk i vipelivet på Haugsgjerdet .

Fleire tiltak må til

Utfordringane finn vi på mange frontar, og vi må jobbe med fleire tiltak samtidig. I tillegg til vipe-stripene i miljøprogrammet ser vi på korleis vi kan minske konflikten mellom miljøvenleg gjødselspreiing og omsynet til bakkehekkande fugl. Agromiljø AS har fått utvikla ein eigen «vipedisk» til å legge over reira ved bruk av slepeslangar under gjødselkøyringa. Utvalde entreprenørar og bønder kjem til å teste den ut i vår. I tillegg undersøker NLR Rogaland kor godt eigna varmesøkande dronar er til å enkelt finne vipereira. Aukande bestandar av rev og kråke er tema som raskt kjem opp i samtalen med bøndene, og det handlar om å få til samarbeid mellom grunneigarar og dei som vil jakte. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.