Hugs årleg gjødslingsplan

Ein god gjødslingsplan er eit godt reiskap både for å spare gjødselutgifter og for å hindre tap av næringsstoff til vassdraga. Vi minner om at det er krav om at gjødslingsplanen skal vere årleg. Dette gjeld sjølv om du driv med einsidig grasproduksjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.04.2014

 

Krav om årleg gjødslingsplan
Det har vore vanleg i våre område med einsidig grasproduksjon at landbruksrådgivinga lagar fleirårige gjødslingsplanar.  Ein slik fleirårig plan vil ikkje utan vidare bli godkjend av landbruksforvaltninga ved kontroll. Dei som driv jordbruksarealet har sjølve ansvar for at planen blir justert og oppdatert kvart år. Dette kan gjerast ved at dei aktuelle endringane (t.d. skifte med attlegg, justering av avlingsnivå, skifte av vekst m.m.) blir notert på planen frå t.d. landbruksrådgivinga.  Det viktigaste er at du som drivar kan vise til at planen er blitt aktivt vurdert, er reell for årets vekstsesong,  og ikkje berre har lege ubrukt i ei skuff. Det er forskrift om gjødslingsplanlegging som set krav om at alle som disponerar jordbruksareal og har rett til produksjonstilskot skal ha gjødslingsplan. Ved kontroll av miljøplan i samband med søknad om produksjonstilskot eller regionalt miljøtilskot (RMP) vil landbruksforvaltninga spørje etter gjødslingsplan.

Unnatak for ekstensiv drift
Kommunane kan godkjenne fleirårig  gjødslingsplan (etter søknad) viss du har mindre enn 5 gjødseldyreiningar (tilsvarer 5 mjølkekyr), og driv svært ekstensivt.  Dei aller fleste som driv jordbruksareal i Rogaland har ikkje ei slik drift, og må ha årleg plan.

Prinsipp bak gjødslinga
Gjødslinga skal planleggjast ut i frå kva plantane treng av næring.  Det skal og bli tatt omsyn til gjødseleffekten av veksten året før, og jorda si evne til å forsyne plantane med næringsstoff. Dette kjem mellom anna fram av jordprøvane. Gjødslinga skal vere forsvarleg.  I dei seinare åra har det blitt fokusert mykje på  vasskvalitet, og også landbruket må her vise til at det blir gjort tiltak for å hindre at næringsstoff kjem på avvegar. Vi snakkar då særleg om fosfor. Fosfor blir bunde sterkt til jordpartiklane,  men frå jord med svært høgt fosforinnhald vil også fosforet kunne leke ut i jordvæska og ut i vassdraga. 

På einskilde stadar har det i fleire år blitt tilført meir fosfor enn det plantane treng, og fosforverdiane i jordprøvene har  difor blitt svært høge.  Dei som driv areal med svært høge jordprøveverdiar må i si drift ta omsyn til dette. Det vil i praksis seie at dei som har grasproduksjon, og som kanskje har P-Al –tal over 50, ikkje må tilføre meir fosfor enn det plantane kan hente ut. Det betyr ei innskjerping i høve til spreiearealkravet.  F.eks vil ei normal grasavling hente ut om lag 3 kg fosfor per dekar. Spreiearealkravet tilsvarer 3,5 kg fosfor/dekar.

Fylkesmannen vil i tida framover i større grad sjå på om husdyrgjødsla blir brukt fornuftig i samsvar med prinsipp om gjødslingsplanlegging ved kontroll av gjødselplanane.  

Innhald i ein gjødslingsplan
Gjødslingsplanen skal setjast opp skiftevis, og skal omfatte alt jordbruksareal som blir disponert. Planen må lagast før vekstsesongen tek til.  Jordprøvane skal vere representative og ikkje eldre enn 8 år. For leiejord må du ha resultata frå jordprøvane seinast 2. året i leieavtalen. Det kan vere greitt å ta med i leieavtalen at jordprøveverdiane skal vere tilgjengeleg for leietakar. Gjødslingsplanen skal vise korleis husdyrgjødsla blir disponert, og bør difor innehalde ei oversikt over kor mykje spreieareal som blir leigd hos andre eller eventuelt kjørt bort.

 Planen skal innehalde:

  • Ei kartskisse som viser oversikt over skifteinndelinga. Her er det enklaste å teikne skifteinndelinga inn på gardskartet og samstundes notere inn skiftenummer eller skiftenamn.
  • oversikt over følgjande opplysningar for kvart skifte:
  • areal i dekar
  • jordart og jordanalysar for pH, fosfor, kalium og moldinnhald
  • forgrøde (fjordårets vekst)
  • forventa avlingsnivå per dekar
  • årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium per dekar
  • planlagd type og mengde gjødsel for dei ulike gjødslingstidspunkta (f.eks vår, etter 1. slått, 2.slått)

Reaksjon ved manglande/mangelfull gjødslingsplan
Gjødslingsplanen er ein sentral del av miljøplanen, og ein miljøplan utan gjødslingsplan vil ikkje bli godkjend. I produksjonstilskotet er det for mangelfull miljøplan laga eit standardisert trekk:

 0-250 dekar:  8 000 kr i reduksjon
251-500 dekar: 12 000 kr i reduksjon
Over 500 dekar : 18 000 kr i reduksjon

Viss du ikkje kryssar av for at du har miljøplan i søknaden, alternativt at landbruksforvaltninga ikkje godkjenner miljøplanen ved kontroll vil du få denne reduksjonen i produksjonstilskotet.  

Det er viktig at søknad om produksjonstilskot blir utfylt med korrekte opplysningar. Viss du kryssar av for at du har ein miljøplan, og det ved kontroll viser seg at den manglar/er for mangelfull til å kunne bli godkjend, vil landbruksforvaltninga måtte vurdere om dei  skal trekke ytterligare/avkorte i produksjonstilskotet ut i frå prinsippet om det skal reagerast ved feilopplysningar.  Det kan samanliknast med feilopplysningar om tal dyr. Skriv du t.d. i søknaden at du har 10 kyr når du berre har 5 vil produksjonstilskotet bli redusert med meir enn det meirutbetalinga for 5 ekstra kyr ville gitt. Kryssar du av for at du har ein miljøplan og ikkje har det, kan det på same måte bli sett på som ein feilaktig opplysning som vil gi avkorting i tillegg til dei standardiserte trekka.

Ved søknad om tilskot frå regionalt miljøprogram (RMP) er det eit krav at miljøplanen må vere i orden. Viss miljøplanen din ikkje blir godkjend ved kontroll vil søknaden om RMP-tilskot bli avslått. Mange har ikkje vore heilt klar over denne samanhengen. Sidan desse tilskota for mange kan ugjere betydelege beløp er det god grunn til å vere ekstra merksam på dette.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner